Hopp til innhold

– Det er økonomisk kraft i regionen til å bygge sjukehuset

Helseminister Bent Høie meiner det er nok pengar i Helse Midt-Noreg til både nytt sjukehus i Molde og til framtidige investeringar i Ålesund og Volda.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie seier at Helse Midt-Noreg har god økonomi og at det er økonomisk berekraft for både SNR og andre investeringar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Artikkelen er endra etter første publisering. Eit spørsmål om endringar i pengefordeling internt i Helse Midt-Noreg blei oppfatta som eit spørsmål om realismen i investeringar i regionen. Svaret kunne dermed tolkast som om Helseministeren ville endre inntektsfordelinga til føretaka. Det er ikkje riktig.

Helse Møre og Romsdal skal dei komande tre åra redusere drifta med 470 millionar kroner. Styremøtet i føretaket har bestemt at det ikkje berre skal skje med stadige forbetringar. No kan det bli endringar i tilbodet til pasientane.

– Positivt resultat i Midt-Noreg

I eit intervju med NRK seier Helseminister Bent Høie at han kjenner situasjonen i Møre og Romsdal relativt godt. Men om underskota i Møre og Romsdal er store, så understrekar Høie at det faktisk er godt med pengar i helseregionen.

– Eg er fullstendig klar over at er ein krevjande situasjon i Møre og Romsdal. Men dei jobbar godt og mykje med korleis dei skal kome ut av denne situasjonen. Det er styret og leiinga i Helse Møre og Romsdal sitt ansvar, saman med Helse Midt-Noreg. Det er Helse Midt-Noreg eg ser på resultata konkret og følgjer opp på det, og dei har eit positivt resultat no i 2018 og leverer betre enn det som var budsjettert, seier helseministeren.

– Alle skal få, men ikkje samtidig

Høie seier at den vanskelege situasjonen må løysast innanfor Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Noreg. Og han understrekar at det samla sett er økonomisk berekraft i regionen til å handtere situasjonen.

– Ja, det er det. Det er klart at vi ser at Helse Midt-Norge, slik eg ser deira sin økonomi, så har dei berekraft til å handtere dei investeringane som no er planlagt. Så er der store planar også vidare. Eg trur at alle vil få. Men alle kan ikkje få samtidig. Det vil kome løysingar for alle undervegs. Men dei prosjekta som er planlagt dei vil bli gjennomført, seier Høie.

Magnussen-modellen

Det er Magnussen-modellen som styrer fordelinga av pengane til dei fire sjukehusregionane i Noreg. I Midt-Noreg blir modellen også brukt internt i regionen. Modellen blei skapt for å få mest mogleg likeverdige tilbod av tenester uavhengig av befolkningsmessige og geografiske forhold. I Helse Midt-Noreg blei modellen innført i 2012. I Møre og Romsdal skapte innføringa sterke reaksjonar fordi mange millionar kroner blei flytta over frå Møre og Romsdal til St. Olavs hospital i Trondheim.

Jon Magnussen

Professor Jon Magnussen er på nytt i gang med å leie arbeidet med finansieringsmodell for norske helseregionar.

Foto: NTNU

Professor Jon Magnussen, som leia arbeidet med finansieringsmodellen har tidlegare uttalt til Dagens Medisin at tida er inne for å justere måten pengane blir fordelt på. Han har blant anna vist til situasjonar der helseføretak står framfor store investeringar.

– Eg tenkjer særleg på auka konsentrasjon av makt gjennom ein meir sentralisert struktur, eit investeringsregime som neppe er berekraftig og aukande utfordringar i samhandling med primær- og spesialisthelsetenesta, sa Magnussen til Dagens Medisin i mai 2017.

I dag leier Magnussen eit nytt offentleg utval som igjen skal sjå på inntektsfordelinga mellom helseregionane. Han ønskjer dermed ikkje å kommentere om måten SNR blir finansiert på er blant investeringsregima som han meiner bør justerast.

– Solidaritet i helseregionen

Helseminister Bent Høie framhevar betydninga av solidariteten innanfor helseregionane når han får forelagt situasjonen med driftsunderskot og store investeringsbehov i Møre og Romsdal.

– . Ein har ein solidaritet i Helse Midt-Noreg der dei ulike sjukehusa får investeringar. Men dei får det i den rekkefølga som ein har blitt einige om. Alle kan jo ikkje få samtidig. Det vil ikkje gå. Men ein må få det i den rekkefølgja ein er blitt einige om.

Høie presiserer at inntektsfordelinga blir avgjort i kvar region. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som arbeider med å gjennomgå kriteria for fordelinga mellom regionane. Dette arbeidet skal vere ferdig i november 2019.