Hopp til innhold

– Vi har aldri teke frå trøndarane noko som helst

Forslaget om å redusere talet på møringar i styret i Helse Midt-Noreg møter reaksjonar. – Styret får større legitimitet med ein møring ved roret, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

Jon Aasen

Jon Aasen meiner Møre og Romsdal bør få styreleiaren i Helse Midt-Noreg.

Foto: NRK

I styret for Helse Midt-Noreg sit det i dag 7 trøndarar og 6 representantar frå Møre og Romsdal. Trøndelag er imidlertid delt i to fylke. Det største, Sør-Trøndelag har 3 representantar og Nord-Trøndelag har 4.

Tore O. Sandvik

Tore O. Sandvik er fylkesordførar i Sør-Trøndelag.

Foto: STFK / Siri Nordberg Malvik

Vi har halvparten så mange styremedlemmer som Møre og Romsdal, seier fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik.

Fylkesordførar Tore O. Sandvik foreslår no at dei tre fylka får like mange representantar. Han meiner det kan føre til eit balansert styre.

– Vi ønskjer å vere generøse. Vi bør ha like mange frå kvar region, seier Sandvik.

–Vi har ikkje teke frå trønderane noko

Utspelet frå Sandvik møter reaksjonar i Møre og Romsdal. I dette fylket har det breidd seg ei haldning om at trønderane har karra til seg store ressursar. Einskilde politikarar har brukt uttrykket «trønderran» om overføringane av middel frå sjukehusa i Møre og Romsdal til St. Olavs hospital i Trondheim.

– Vi har aldri teke frå trønderane noko som helst. Dersom dei har akseptert å vere underrepresenterte, som dei kallar det, så er det vel deira eige problem. Han kjem med eit forslag om at vi skal vere likt representerte. Eg har ikkje noko stort problem med det, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

– Vil ha styreleiaren

Møre og Romsdal vil no legge stor vekt på å få styreleiaren i Helse Midt-Noreg. I fleire år har Nord-Trøndelag hatt styreleiaren. Jon Aasen seier det vil vere ein styrke for Helse Midt-Noreg å ha ein styreleiar frå Møre og Romsdal.

Helse Midt-Norge

Det er alt for mange møringar i styret, ifølgje Tore O. Sandvik.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sør-Trøndelag sit med det største sjukehuset, St. Olav. Dette blir i mange samanhengar kalla «det store sluket» og «trønderranet». Dersom vi skal få fokus vekk frå dette ligg legitimiteten i at vi får ein styreleiar som ikkje er frå Sør-Trøndelag. Det er Møre og Romsdal sin tur no, seier Jon Aasen.

– Det bør vere ein avstand mellom styreleiaren og St. Olav?

– Ja, og eg trur St. Olavs hospital vil tene på det. Dersom vi får ein styreleiar frå Sør-Trøndelag vil vi forsterke kjensla av at dei reiser med alle pengane og no reiser dei også med makta. Styrearbeidet får ein betre legitimitet, og St. Olav får eit betre rykte utad om styreleiaren ikkje sit i forgarden til det største sjukehuset i regionen, seier Jon Aasen.

– Møre og Romsdal i mindretal

Styremedlem Asmund Kristoffersen frå Tingvoll meiner den geografiske samansetninga ikkje er noko hovudpoeng. Styret skal først og fremst byggje arbeidet på faglege vurderingar, seier han.

– Eit styre er eit kollegium. VI delte oss på eit spørsmål om fordeling av ressursar. Då kom Møre og Romsdal i mindretal, seier styremedlem Asmund Kristoffersen frå Tingvoll i Møre og Romsdal.

– Så Sandvik har ikkje nokon grunn til å klage?

– Nei, tvert imot. Han burde vere nøgd med at styresamansetjinga har gitt positive utslag for Sør- og Nord-Trøndelag, seier Kristoffersen.

– Er det vanleg at det oppstår geografiske skilje?

– Nei, eg har vore to år i styret. Skilja går sjeldan etter geografi. Det går meir på kva ein måtte meine om faglege spørsmål innan helsevesenet, seier Kristoffersen.

Og Møre og Romsdal blir i mindretal når det blir Trøndelag mot Møre?

Ja, slik som det er no. Men dette er ikkje noko stort poeng. Det er sjeldan vi har ei geografisk deling, seier Kristoffersen.

– Møringane er ikkje unike

Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik, trur ikkje forslaget hans kjem til å møte særleg motstand. For han handlar det om å rette opp det han kallar gamal urettferd.

– Det er ingenting som tilseier at dei i Møre og Romsdal er så unike at dei skal vere dobbelt representert i forhold til det vi frå Sør-Trøndelag er, seier Sandvik til NRK.