Hopp til innhold

– Det er heilt enormt med sniking

Folk trekk opp i påskefjellet, med medfølgjande trafikk og kø. I ferjekøane er sniking eit enormt problem, der nokre misser ferja fordi andre juksar.

Svært lang ferjekø

Ferjekøen går langt, langt utover dei oppmerkte rekkjene. Og når køen går utover det vanlege ser folk sitt snitt til å snike, opplyser matrosane om bord.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Strandafjellet og Fjellsætra, to ynda skianlegg på Sunnmøre i påska.

For mange må ein derimot krysse Storfjorden for å kome seg dit. Då er ferjestrekninga frå Magerholm på Emblem til Ørsneset i Sykkylven grei å ha.

Som ein ser på bildet øvst skaper derimot påsketrafikken køar utan ende.

Tor Anders Østrem

Tor Anders Østrem mislikar ferjekø-snikinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ser sitt snitt til å snike

Og når køane går utover dei oppmerkte felta forsvinn visst vanlege normer og mykje etikette.

– Det er ikkje noko særleg med alle dei som snik. Det er dårleg køkultur, spør du meg!

Tor Anders Østrem, i ein varm raud gensar, ivrar etter å kome seg opp i snøkledde bakkar. Han er ein ferjetur ifrå.

Då er det spesielt ergerleg at folk snik.

For ferjekaiene har eigne rader, oppmerkte med tal frå 1-3, 1–5 eller 1–8. Når den første rada – bilane som kom først – køyrer, kjem folk langt bak i køen snikande inn bakfrå.

– Eg stod i køen sjølv, og såg fleire som gjorde det. Heldigvis er det berre 20 minutt til neste ferje, og då kjem eg med, seier Østrem.

– Men eg har stått her i tre kvarter no.

Vegard Nedregotten

Vegard Nedregrotten frå Ålesund har ikkje noko imot ferjekø så lenge køa er rettferdig.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Ikkje greitt

Saman med Østrem finn vi Vegard Nedregotten frå Ålesund. Han har òg venta ei stund.

– Det er heilt greitt med køen så lenge ein får kome med når ein skal kome med.

– Å måtte stå over ei ferje fordi ein gjeng snik og slepp seg sjølve forbi er ikkje greitt. Men nokon frå ferjeselskapet burde stått her og heldt styr på ting.

Matros Kjell Rune Risvik, fortel at sniking er eit stort problem når køen hopar seg opp.

– Det er heilt enormt med sniking. Det var svært mykje på førre tur, og vi har fått telefonar frå andre samband om at det er like gale der, opplyser Risvik.

Saka held fram under bildet.

Ferjekø i påsketrafikken

Det mangla ikkje på ferjekø på Magerholm langfredag ...

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Illojalt og dårleg

Hallvard Rusten

Hallvard Rusten hadde sagt frå til snikarane om han såg dei.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Hallvard Rusten, buande i Fosnavåg, har solbrillene på og er klar for bakken. Men så var det køen då ...

– Det er litt irriterande, men ein veit om det. Eg fekk tips frå folk som reiste før om at køane er lange.

– Kva synest du om dei som snik her då?

– Eg likar det veldig dårleg. Eg veit ikkje kvifor dei gjer det. Det er illojalt og dårleg, meiner Rusten.

– Hadde eg sett dei der og då hadde eg sagt at dei måtte følgje spelereglane slik som alle andre gjer.

Kjell Rune Risvik

Matros Kjell Rune Risvik fortel at dei opplever lite sinne i køane.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Irritasjon, men lite sinne

Matros Risvik prøver så godt han kan å unngå kaos, men han er berre på land når bilane skal av og på. Han forstår at folk blir irriterte over lang kø og sniking.

– Blir folk sinte?

– Dei har ikkje blitt det til no. Dei gjer oss berre merksame på at det er mykje sniking.

– Reknar du med at folk blir sinte etter kvart?

– Nei, eigentleg ikkje. Det er fint vêr og påske. Ingen skal vere sinte i dag, avsluttar Risvik.

For sola står høgt, og litt ekstra venting er ikkje verdas undergang i ein ferie, visst nok.