Hopp til innhold

– Det er frivillig tvang

Store lukrative rabattar på bompengar på Eksportvegen over Tresfjordbrua og gjennom Vågstrandstunnelen kan stå for fall. Storbrukarar som tungtransporten vil miste rabattar på inntil 50 prosent som dei har i dag. Styret i Eksportvegen er blitt tvunge til å akseptere at det lokale bomselskapet må gå inn i det regionale bomselskapet Vegamot. Styreleiar og ordførar I Vestnes, Geir Inge Lien, seier dei ikkje har noko val og kallar det frivillig tvang.

Geir Inge Lien
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK