NRK Meny
Normal

– Det er faktisk strengt forbode

Raude Kors skuldar elevbedrift i Møre og Romsdal for misbruk av den «heilage» raude krossen.

Krifast logo

Er denne logoen for lik Raude Kross sin? Det meiner distriktsleiaren i Raude Kross.

Foto: Roar Halten

Røde Kors

Slik ser det internasjonale symbolet for Raude Kors ut. Det har vore rettsleg beskytta sidan 1800-talet.

Elevbedrifta «Tudo Media» ved Atlanten vidaregåande skule har laga ein logo som dei skulle selge som klistremerke som støtte til eit fellessjukehus på Krifast. Logoen har fått distriktsleiar i Raude Kors Møre og Romsdal, Bitten Linge, til å reagere. Ho meiner logoen er for lik.

Sjå tv-innslag om bedrifta.

Beskytta emblem


– Raude Kors sin logo er eit veldig verna emblem, det har det vore heilt sidan 1864. Årsaka til det er jo at det har vore brukt til nødhjelp og det blir brukt i krigssoner, seier Linge.

Sylvia Stokke

- Dersom Raude Kross skulle gå etter alle som har ein logo som liknar vil dei få mykje å gjere, meiner Nora Ødegaard, ansvarleg for elevbedrifta 'Tudo media'.

Foto: Roar Halten

Misbruk av det internasjonale symbolet er straffbart og Linge kan henvise til ein rettsak i Oslo. Der hadde ein tannklinikk nytta ein logo som var for lik, og vart dømd til å fjerne den. Ansvarleg for ungdomsbedrifta, Nora Ødegaard, trur ikkje andre vil sjå likheita like klart.

Store skilnader

– Vår logo har ikkje berre ein kross, den er i ein sirkel med fleire andre element. Den er og meir oransje en raud. Dessutan signaliserer det liv og helse, og det er det vår sak speler på og, seier Ødegaard.

Ho vil diskutere med dei andre elevane og finne fram til ei løysing, men noko rettssak vert det ikkje.

– Blir det så ille vil vi heilt klart forandre logoen. Vi skal ikkje dra det dit, seier Stokke.

Dagleg leiar i Møre og Romsdal Røde Kors, Tore Nedregård, seier at dei no er i dialog med skulen.

- Vi har sendt dei informasjon om vern av logoen, for å sikre at det endelige resultatet deira ikkje kjem i konflikt med reglane.