Hopp til innhold

– Det er ein draum som går i oppfylling

I dag blei Stine Hole Ulla frå Sykkylven presentert som ein av dei ti Grand Prix finalistane i år. No ønskjer ho å vise publikum ei ny side av seg sjølv.

Stine Hole Ulla

Ti artistar er klare for å boltre seg i Oslo Spektrum den 27. februar. Stine Hole Ulla frå Sykkylven er ein av dei.

Foto: NRK

– Det er klart eg er lettrørt, men eg byrja å grine den første gongen eg høyrde låta, sa musikkansvarleg Jan Fredrik Karlsen då han presenterte Ulla og låten «Traces» tidlegare i dag.

Stine Hole Ulla

For Stine Hole Ulla er det ein draum å kunne vere med på Grand Prix.

Foto: NRK

For songarinna frå Sykkylven er det å kunne delta på Melodi Grand Prix, ein draum som går i oppfylling.

– Eg har elskar Grand Prix og eg har sett på det sidan eg var liten så når telefonen kom 1. desember så bobla det over for meg.

Tårene rann og eg greidde nesten ikkje å svare ein gong. Eg har framleis problem med å halde tårene tilbake når eg tenker på det, seier ei svært glad Ulla.

Ho sende sjølv inn søknaden og fortel at det er stort å vere ein av finalistane.

– Eg veit at det var over tusen søknadar som vart sendt inn og det betyr utruleg mykje å vere ein av dei ti som vart valt, seier Ulla.

Ønskjer å vise ei ny side

Ulla har vore glad i å synge gjennom heile barndomen. Ho byrja med songtimar allereie i ein alder av 12 år, og då ho var 14 år song ho seg inn i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet på NTNU.

Stine Hole Ulla

Ulla ønskjer å vise ei ny side av seg sjølv.

Foto: Kim Erlandsen/NRK

Ulla vart for alvor landskjent då ho i 2012 gjekk til topps i Norske Talenter, som den første kvinnelege vinnaren i serien si historie. No ønskjer ho å vise ei ny side av seg sjølv.

– Eg ønskjer å vise at eg har vakse dei siste åra. Eg er ikkje Stine frå Norske Talenter, som er 17 og usikker lenger, seier Ulla.

21-åringen frå Sykkylven skal delta med popballaden «Traces», som har skrive i samarbeid med Ingrid Skretting og Trude Kristin Klæboe. Ulla fortel at songen betyr svært mykje for henne.

– «Traces» blei skrive i fjor sommar, og eg føler det er eit låt som er 100 % rett for meg og som passar meg og stemma mi perfekt. Det er den første låten som verkeleg har treft meg i hjarterota og eg er veldig glad for å kunne framføre den under årets Grand Prix-finale, seier ho.

Håper å kunne engasjere

No ser Ulla fram til å stå på scena i Oslo Spektrum den 27. februar, men ho tørr så langt ikkje å gjere nokon spådommar om resultatet.

– Balladar har vunne dei to siste åra, så mange er kanskje innstilt på at det ikkje skal bli ei ballade i år. Men eg føler at denne balladen er så rett for meg og eg håper det er ein song som kan engasjere og treffe publikum, seier ho.

Songarinna frå Sykkylven vektlegger likevel at breidda er noko av det ho likar så godt med Grand Prix.

– Det er ein flott arena å vise seg fram på fordi det engasjerer så mange, seier Ulla som fortel at songen handlar om dei spora og dei minna av ein person som dukkar opp i kvardagen.

Sjå presentasjonen av Ulla her:

Årets deltagere i MGP ble presentert.