Hopp til innhold

– Det er ein dramatisk og svært lite ønska situasjon

Deleigar i Fjord1, Per Sævik, er overraska over at styret i selskapet trekker seg, men har forståing for avgjerda.

Per Sævik

Deleigar i Fjord1, Per Sævik, seier det er svært dramatisk at styret i selskapet har valt å trekke seg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Torsdag morgon kom nyheita om at dei aksjonærvalde styremedlemmane og administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, trekkjer seg.

Per Sævik eig 41 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet Havila. Han er observatør i styret og fortel at han vart overraska då han fekk nyheita torsdag kveld.

– Som aksjonær i selskapet er det dramatisk og ein svært lite ønska situasjon. I tillegg er det beklageleg at dei trekker seg. Fjord1 hadde no eit styre og ei leiing som har gjort det veldig godt og som har fått selskapet på rett kjøl, seier Sævik.

Han har likevel forståing for avgjerda.

– Slik eg har forstått det har det vore ein del frustrasjon i leiinga og styret i samband med salet av Fjord1-aksjane. I aksjelova står det at styret har rett til å uttale seg i slike saker, men dei føler at meiningane deira ikkje har blitt høyrd, seier Sævik.

Sterk kritikk

I pressemeldinga frå Fjord1 kjem det fram sterk kritikk av prosessen som har leia til at fylkeskommunen i Sogn og Fjordane på måndag selde Fjord1-aksjane sine til Torghatten.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

TREKKJER SEG: Både administrerande direktør Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal trekkjer seg, og kjem i ei pressemelding med skarp kritikk av majoritetseigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Grete Roska / NRK

Fylkeskommunen har til no eigd dei resterande 59 prosent av aksjane i selskapet.

Styret peikar på at dei i møte med fylkeskommunen 16. november var tydelege på at «direkte eller indirekte overdraging av eigarinteresser til ein konkurrent tener verken selskapet eller aksjonærselskapet». Styret føler seg utelate frå prosessen som har leia fram til salet, og når dei no ikkje blir høyrde, vel dei å trekkje seg.

Dei er redde for langvarig uvisse.

– Eit sal til Torghatten ASA kan vere krevjande å få godkjent av Konkurransetilsynet. Uvisse og ventetid på utfallet vil vere uheldig for selskapet, står det i pressemeldinga der dei trekkjer seg.

Ei alvorleg sak

Sævik har tidlegare protestert mot fylkeskommunen sitt forslag om å selje Fjord1-aksjane til Torghatten. Han meiner han har forkjøpsrett på aksjane, og har sagt at han vil ta saka heilt til Høgsterett om nødvendig.

Det at styret no trekker seg, viser ei tydeleg usemje mellom fylkeskommunen og styret meiner Sævik.

– Det at også administrerande direktør føler det nødvendig å trekke seg understrekar alvoret i ein situasjon som ikkje har vore god. Det er veldig spesielt at store delar av styret i eit selskap vel å trekke seg, seier han.

– Kva gjer de no?

– Her ligg det eit eigaransvar der det viktigaste blir å få på plass eit styre, men akkurat no ventar vi og ser an situasjonen, seier Sævik som ikkje trur at ferjetrafikken vert påverka av avgjerda.