NRK Meny
Normal

– Det er behov for å utvide permitteringsreglane

NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, er spent på kva olje- og energiminister Tord Lien vil servere når han skal presentere statsbudsjettet og skattereforma for den maritime industrien i Ulstein onsdag formiddag.

Torill Ytreberg

NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, meiner det er behov for å utvide permitteringsreglane

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Den maritime industrien har fått kjenne fallet i oljeprisen på kroppen, og det er forventa at regjeringa kjem med tiltak når dei legger fram statsbudsjettet onsdag.

Eitt av spenningsmomenta er kva som blir lagt på bordet når olje- og energiministeren skal presentere statsbudsjettet og skattereforma i Ulsteinvik i dag. NHO-direktør i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, meiner det er behov for å utvide permitteringsreglane.

– Vi er veldig fornøgd med bedriftsintern opplæring. Det har også letta i forhold til permitteringsreglane, men vi skulle gjerne sett at permitteringsperioden vert utvida. Spesielt ute i distrikta er det trist at kompetansen forsvinn fordi bedriftene må seie opp tilsette, seier Ytreberg.

– Eg skulle gjerne sett at ordninga vart utvida til 52 veker, i alle fall med tanke på det distriktsbaserte arbeidslivet. Der er det heilt nødvendig, held ho fram.

Felles dugnad

Aldri før har det vore så mange lekkasjar frå statsbudsjettet som i år. Lekkasjane fortel oss kva vi får, men sjeldan kva vi ikkje får, og då er det gjerne slik at det som ikkje er nemnt på førehand neppe blir foreslått i statsbudsjettet, og ei utviding av permitteringsreglane har så langt ikkje vore nemnt med eitt ord.

Framleis er det aktivitet på skipsverfta i Møre og Romsdal, men det er usikkert kor lenge det vil vare. Prisen på olje har gått kraftig ned, noko som betyr at inntektene skrumpar inn og at etterspørselen blir mindre. Båtar går i opplag og verfta fryktar færre oppdrag.

– Eg meiner at ein også kan forsere ein del byggeprosjekt på skip og fartøy. Vi veit blant anna at ein del av ferjene våre har materiell som var utrangert for mange år sidan. Her bør vi ta ein felles dugnad for å få gjort noko med dette no, seier Ytreberg.

Forventar skattekutt

Det er all grunn til å tro at olje- og energiminister Tord Lien kan ha eit skatte-ess i ermet når han kjem til Ulsteinvik onsdag. Spørsmålet er kva slags skattekutt som kjem og kor store dei er.

Tord Lien

Olje- og energiminister Tord Lien kjem til Ulsteinvik onsdag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg forventar at det kjem ein reduksjon på selskapsskatten. Eg forventar også at det kjem ein reduksjon i formuesskatten, eg skulle gjerne sett at den kom ned på 0,5 prosent, seier Ytreberg.

Dette er eitt følsamt tema som kan bli politisk ubehageleg dersom det blir oppfatta som ein fordel for dei rike som andre må betale prisen for. Men NHO-direktøren meiner skatte-kutt må kome som draghjelp til ein pressa industri.

– Dersom ein får ei innretning som går mot arbeidande kapital, altså det som ligg i bedrifta som blant anna driftsmidlar og bygningar, så er det jo det ein er ute etter. Og så får ein heller skattlegge høgt det som ligg på privat hand, som hytter, bilar og båtar. Det som er viktig er at bedriftene får eit skattelette i formuesskatten, seier Ytreberg.