Det seier styreleiar i Ålesund Storhall, Jon Ketil Gjørtz.
– Nei. Det at to av medlemene i styret har valt å trekke seg vil ikkje ha noko å seie for vedtaket som allereie er fatta, seier han.
- Les også:
Usemje om akuttmottak
Bjarne Haagensen er ein av dei to styremedlemene som denne veka valde å trekke seg frå styret i Ålesund Storhall.
Årsaka skal vere styrets vedtak om å gå i dialog med Ålesund kommune om å gjere om Sparebanken Møre Arena frå idrettshall til akuttmottak for flyktningar fram til august neste år.
Haagensen meinte vedtaket var ulovleg, og var negativ til at idrettshallen blir brukt som asylmottak. Han var sjølv på reise då vedtaket vart gjort, og kunne dermed ikkje stemme mot forslaget.
– Eg meiner det blir for mykje å plassere så mange asylsøkarar på ein plass midt i ein by. Eg meiner det burde vore delt opp i fleire mindre einingar, seier Haagensen.
- Les også:
Meiner vedtaket er gyldig
Førre veke sat styret i Ålesund Storhall i krevjande forhandlingar for å diskutere ein førespurnad frå Ålesund kommune om å bruke hallen som akuttmottak for 500 asylsøkarar. To kveldar tok det før styret kom til ei einigheit og torsdag kveld offentleggjorde Gjørtz at dei ville gå i dialog med kommunen.
– Vi har sagt oss villige til å gå i forhandlingar om ein avtale med Ålesund kommune om å bruke hallen som mellombels akuttmottak. Det vedtaket er framleis gjeldande, seier Gjørtz som vektlegger at det i utgangspunktet berre er snakk om å forhandle med kommunen.
Fire styremedlemmer var til stade på møtet då vedtaket vart gjort, to var ikkje med. Gjørtz meiner på si side at vedtaket ikkje er ulovleg.
– Vi meiner at vi har fatta eit gyldig vedtak i denne saka, seier han.
– Burde dette ha vore ei sak for generalforsamlinga i selskapet?
– På dette tidspunktet meiner vi at det ikkje er det, seier Gjørtz.
- Les også:
Ingen kommentar
Det andre styremedlemmen som skal ha trekt seg, Peder Ryste, har så langt ikkje ville kommentere saka.
– Kva tenker du om at to av medlemene i styre har valt å trekke seg?
– Det har eg ingen kommentar til, seier Gjørtz.
Vedtaket er i utgangspunktet gyldig
Ifølgje NRKs kjelder stemte tre av styremedlemene for akuttmottak, og tre stemte imot. To av dei som stemte imot, deltok ikkje fysisk på møtet og derfor blei ikkje stemmene deira talt med.
Professor Tore Bråthen er ein av Norges fremste ekspertar på forretningsjuss. Han fortel at eit styrevedtak i utgangspunktet er gyldig dersom alle styremedlemene er kalla inn og dersom meir enn 50 % av styret er til stades når vedtaket blir gjort. Det at styremedlem trekker seg i etterkant har ikkje noko å seie for vedtaket.
– No uttalar eg meg på eit generelt grunnlag. Det kan sjølvsagt vere unntak. For eksempel dersom ein ikkje har kalla inn alle styremedlemene, eller ein har valt tidspunkt som har vore svært ugunstige for medlemene, seier Bråthen.
– Dersom det ikkje var eit samrøystes vedtak så står det i lova at 1/3 av styret må ha stemt for vedtaket, held han fram.
Bråten fortel vidare at det er fleire aktørar som kan krevje å få saka framlagt.
– Dersom nokon har minst 10 % av aksjekapitalen kan dei krevje ei generalforsamling. Det kan også styret og dagleg leiar i selskapet, seier han.
- Les også:
Formannskapet skal behandle saka i dag
Ålesund kommune understrekar at det enno ikkje er endeleg bestemt om Sparebanken Møre Arena skal brukast til akuttmottak.
Saka blir behandla på formannskapsmøtet i Ålesund kommune i dag klokka 13.00 og formannskapet skal der ta stilling til om kommunen skal drive mottaket eller ikkje.