NRK Meny
Normal

– Det blir fantastisk å komme til Ålesund

Seglskuta «Wyvern av Ålesund» og resten av skipa i The Tall Ships’ Races sette i går kurs for Ålesund.

Wyvern av Ålesund i Belfast

SIKKERHEIT: Are Opdahl fortel at sikkerheit er viktigare enn plasseringa i regattaen.

Foto: Are Opdahl

Ålesund ventar besøk av seglskutefesten den 15. juli, men før skipa kjem siglande inn til Sunnmøre ventar om lag ei veke med havsigling over Nordsjøen. Are Opdahl på seglskuta «Wyvern av Ålesund» fortalde etter starten i går at det no ventar nokre harde dagar ute på havet.

– Det blir nok ein hard tur. No bles det ganske kraftig og vi håpar å kunne bruke denne vinden til å komme oss nord for Hebridane før vi legg om kursen mot Ålesund.

Det var over 40 skip som deltok på opninga i Belfast, og Opdahl fortel at det var stor stemning i den nord-irske hovudstaden.

– Det var eit kjempearrangement, med til saman 44 båtar. Det var fint vêr og masse ungdom.

Sikkerheit viktigast

Wyvern av Ålesund ute på havet

ÅLESUND: Are Opdahl gler seg til å legge til kai med «Wyvern av Ålesund» i Ålesund.

Foto: Are Opdahl

Mannskapet på «Wyvern av Ålesund» har håp om å gjere det godt i si klasse av regattaen og Opdahl fortel at han ser på søsterskipet "Wyvern" som ein av dei største konkurrentane.

– Vi håpar å gjere det bra i regattaen, men det er hard konkurranse og mange gode båtar. To av dei hardaste konkurrentane er nok den engelske skuta «Maybe» og søsterskipet vårt «Wyvern» frå Stavanger. Det viktigaste er sjølvsagt tryggleiken.

Gler seg til Ålesund

The Tall Ships’ Races vart arrangert for første gong i 1956. Målet med regattaen er å gjere det mogleg for unge menneske av alle nasjonalitetar å konkurrere saman på havet. Organiseringa av regattaen er delt mellom vertsbyane og Sail Training International. Ålesund har også vore vertskap tidlegare, i 2001. Opdahl gler seg til «Wyvern av Ålesund» kan legge til hamn i heimbyen.

– Det blir ein hard tur framover, vi skal jo segle i to av dei verste havstrekka i Europa, Irskesjøen og Nordsjøen. Det blir fantastisk for oss som høyrer heime i Ålesund å kome fram.