Hopp til innhold

– Det blir 70 nye politistillingar i Kristiansund

Forvirring rundt kor mange nye politistillingar som kjem til Kristiansund gjorde at Harald Nesvik (FrP) tok kontakt med justisministeren personleg for å få ei oppklaring.

Harald Tom Nesvik

Stortingsrepresentant og parlamentarisk leiar i FrP, Harald Nesvik kan love at det er ei misforståing at Kristiansund får færre enn 70 nye arbeidsplassar i høve flyttinga av lønns- og rekneskapssentralen til politiet.

Foto: Terje Reite / NRK

Kristiansund har blitt lova 70 nye arbeidsplassar når den nye lønns- og rekneskapssentralen vert flytta til byen. Men fredag gjekk Politidirektoratet ut med at talet på medarbeidarar i Kristiansund vil bli 50 og ikkje 70.

Per Willy Amundsen

Justisminister Per-Willy Amundsen (FrP) stadfestar at Kristiansund får 70 nye arbeidsplassar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Dette skapte full forrvirring, og Harald Nesvik (FrP) følte han måtte ta grep. Fredag kveld ringte han til justisminister og partikollega Per-Willy Amundsen for å få eit klart svar.

– Vi kan ikkje la det vere knytt usikkerheit til dette. Etter forrvirringa som oppstod fredag, tok eg personleg kontakt med justisministeren. Han stadfesta at det kjem 70 stillingar til Kristiansund.

Misforståing

Både avdelingsdirektøren i Politidirektoratet og sjefen for det nye senteret sa fredag ettermiddag til NRK at det kunne bli færre stillingar i Kristiansund enn det som først var planlagt.

Dette er ei misforståing, seier Nesvik.

– Politidirektoratet har sagt at 50 stillingar blir flytta til den nye lønnssentralen som skal ligge i Kristiansund. Dette er riktig, men i tillegg kjem det 20 stillingar til. Altså blir det 70 stillingar.

Dei 20 stillingane som kjem i tillegg er ifølgje Nesvik meir politifaglege stillingar innanfor ein del andre område, blant anna er det stillingar som er knytt til sokkelansvaret.

Treng fleire arbeidsplassar

Kristiansund har i lang tid bede om fleire statlege arbeidsplassar. Harald Nesvik har difor full forståing for engasjementet rundt kor mange nye politistillingar som kjem til Kristiansund.

– Ja, det skal berre mangle. No er det viktig at alle misforståingar blir rydda av vegen, seier Nesvik til NRK.

Det er også venta at Justisdepartementet vil kome med ei klargjering etter helga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL