NRK Meny
Normal

– Derfor elskar vi båtlivet

– Kvifor dra på sydentur når livet er vel så avslappande her heime? NRK har prata med båtfolk ved kaia i Ålesund.

Båtmann i Ålesund

Sjølv om han har eit stort hus like i nærleiken, kosar Lars Årnes seg aller mest om bord i båten «La bella vita». –Ja, då er livet herleg, seier han.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Båtliv

Maylen Svartdal og Lars Åknes har flytta inn på båten av Scan Dynamic for nokre dagar.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Lars Åknes og Maylen Svartdal trivst godt om bord i fritidsbåten «La Bella Vita». Dei trivst faktisk så godt, at dei like så gjerne har valt å ha heimeferie i år.

– Heilt supert

– Eg synest det er heilt supert å sitje her i båten. No under båtfestivalen kan vi dessutan finne frukosten rett oppe på kaia. Der er det internasjonal marknad med ost og skinke, seier Svartdal til NRK.

Dei bur begge i Ålesund til vanleg. Trass i dei har færre kvadratmeter å breie seg på i båten, er det likevel det livet dei ønskjer seg på varme solskinsdagar.

Frivillig innestengt

Båtliv i Ålesund

Stor og liten, ny og gammal. På hamna i Ålesund er alle vennar med alle, hevdar båtfolket som held til der.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi ser ikkje like mykje folkeliv heime på terrassen som her i båten. Dessutan har vi sol frå morgon til kveld, seier Åknes.

Ifølgje Åknes og Svartdal er det ikkje alltid eit poeng i å kome seg ut på bøljan blå når ein lever båtlivet, tvert derimot. Om dei plutseleg følte for å ta ein tur, er dei uansett innestengt blant dei andre båtane som ligg og duppar i Brosundet i Ålesund.

– Vi kjem oss ikkje laus! Men å vere her er uansett veldig kjekt, konstaterer dei.

– Det kan ikkje bli betre enn dette. Vi berre kosar seg og blir kjend med folka rundt oss, seier Svartdal.

Døyper båten «Terapi»

Båtfamilie i Ålesund

Charlotte Kalland Strand, Hermann Strand, Eirik Dahl og Ole Hermann Strand kosar seg med lange frukostar og lange samtalar. Det er så avslappande at dei snart skal døype båten for «Terapi».

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Nokre hakk bortanfor cabincruiseren «La Bella Vita» ligg ei lita Bjørkedalssnekke frå 1974.

Sjølv om båten ikkje er like fin og fjong som naboane sine, har det ingenting å seie for familien som nyt føremiddagssola på dekk.

– Det er eit avslappande liv. Det er rekreasjon. Du koplar verkeleg av. Spesielt med ein båt som dette, seier Ole Hermann Strand som dessutan jobbar på sjøen til vanleg.

Kona Charlotte Kalland Strand kunne ikkje vere meir einig.

– Det er rein og skjær terapi å vere her. Vi pratar om alt frå djupe ting til overflatiske tema. Vi har tid når vi er her, seier ho.

Derfor har dei også bestemt seg for at båten deira skal få namnet «Terapi».