Hopp til innhold

– Der er ei gryande sjukehus-uro på Sunnmøre

– No lurer sunnmøringane på kva som skal skje med sjukehuset i Ålesund. Alle utviklingsaktivitet har vore retta mot det nye sjukehuset i Molde. No må ein ta uroa på Sunnmøre på alvor, seier medlem i brukarutvalet Jakob Strand.

Jakob Strand

Jakob Strand er tidlegare fylkespolitikar. No er han representant i brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var under behandlinga av utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal at Jakob Strand tok ordet for å tale brukarane på Sunnmøre si sak. I fleire år er det blitt brukt tid og krefter på prosessen for å etablere eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Ifølgje Strand spreier det seg ei uro på Sunnmøre. Frykta er at Ålesund sjukehus skal kome i bakleksa og at det blir lite pengar att når det nye sjukehuset på Hjelset skal betalast.

– Eg møter denne uroa ofte. Det er naturleg at fokuset har vore på det nye sjukehuset på Hjelset. Både eg og resten av brukarutvalet har støtta dette. Men det har vore snakka lite om utviklinga på Sunnmøre, seier Jakob Strand til NRK.

I alle planar og dokument om dette emnet heiter det at sjukehuset i Ålesund skal vere det største og mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal. Og sjukehuset har i dag avdelingar og tilbod som ein ikkje finn ved sjukehusa i Kristiansund, Molde og Volda.

– Folk spør likevel om kva som skal skje på Sunnmøre. Og spørsmålet er om der er pengar att når det nye sjukehuset i Molde er ferdig og skal betalast, seier den tidlegare fylkespolitikaren og no medlem i brukarutvalet.

– Men sjukehuset i Ålesund ER jo størst og har mange spissa tilbod som ein ikkje finn andre stader i fylket?

No skal vi gjennom eit omfattande arbeid med utviklingsplanen. Og det kjem heilt sikkert til å bli nye funksjonsfordelingar mellom sjukehusa. Resultatet blir nok ein del samlokaliseringar. Men eg har sett lite innspel om korleis ein skal sikre at hele den økonomiske kaka skal gje gode tilbod til heile fylket, seier Strand.

Under møtet kom det reaksjonar på utspelet til Jakob Strand. Styremedlem Svein Anders Grimstad meinte at Helse Møre og Romsdal tvert om hadde vore flinke til å syte for at Ålesund sjukehus også i framtida skal vere det største og mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal. Han viste til etableringa av fleire avdelingar, deriblant barneavdelinga i Ålesund.