NRK Meny
Normal

– Den nye hallen vil bety mykje for klubben

Etter lange dagar med planlegging og dugnadsarbeid vart Dahlehallen opna i Kristiansund i dag.

Opning av Dahlehallen

Søndag opna den nye fotballhallen på Dale i Kristiansund.

Foto: Frode Aass

Opning av Dahlehallen

Dahlehallen kostar 23 millionar og bidreg til auka treningslokale i Kristiansund.

Foto: Frode Aass

– Grunnarbeid og sjølve reisinga av hallen vart gjort av fagfolk. Utover det har det vore ein fantastisk dugnadsinnsats av alle involverte. Folk har møtt opp og jobba lange dagar for å få alt klart til opninga.

– Det er tydeleg at dette er noko som heile klubben ønskjer seg, seier Julian Vangen, styreleiar i Dahle IL.

Prosjektet til 23 millionar kroner og har tatt litt under to år.

– Vi byrja planlegginga i januar 2014 og så starta sjølve bygginga av hallen i mars 2015, fortel Vangen.

Viktig hall

Anlegg er ofte ein viktig føresetnad for å utvikle både topp og breidde i lokale fotballklubbar. Sprengt kapasitet var ein av grunnane til at Dahle IL bestemte seg for å bygge den nye fotballhallen i Kristiansund.

Opning av Dahlehallen

Mange hadde tatt turen for å sjå den nye fotballhallen.

Foto: Frode Aass

Med ei speleflate på 60 x 40 meter reknar Vangen med ei auke i aktiviteten som følgje av den nye hallen.

– Vi har om lag 30 lag i serien, og det blir spelt rundt 15–16 kampar i veka. Det har tidlegare gått utover treningsmoglegheitene til barn og unge. No får vi derimot auka kapasitet på treningane, spesielt på vinterstid, seier Vangen.

Den nye fotballhallen ligg vegg i vegg med fleirbrukshallen på Dale, og idrettslaget får no tre gongar så mykje plass som dei har hatt tidlegare. Den nye hallen betyr mykje for klubben fortel Vangen.

– Det betyr at vi kan ha fleire treningar og kampar samtidig. Det opnar også opp for at vi kan utvide til andre aktivitetar som volleyball, basketball og badminton dersom det er eit ønske om det, seier styreleiaren.

Offisiell opning søndag

Opning av Dahlehallen

Malin S. Opsahl og Fabian Aasbakk stod for snorklippinga. Her avbilda saman med Dahle IL sin leder Julian Vangen.

Foto: Frode Aass

Den offisielle opninga av hallen vart gjort søndag.

– Vi trekte tilfeldig blant barnespelarane og valde to som fekk klippe bandet, seier Vangen.

KBK-spelar Erlend Sivertsen, tidlegare Dahle IL, og Julie Belden Rasmussen deltok også på opninga.

– Inne i hallen vil det også bli vist film og bilete frå byggeprosessen og dugnadsarbeidet, så det er verdt å ta turen, seier Vangen.

Sjå opninga av hallen her. Foto: Dahle idrettslag.