Hopp til innhold

Trur på Rovdefjordkryssing med røyrbru

– Frå eit teknisk perspektiv er røyrbrua på Rovdefjorden det mest realistiske, seier Morten Bjerkås i Reinertsen AS.

Rovdefjordbrua

KOMBIBRU: Den nye planen seier at Rovdefjordbrua blir flytebru frå Vanylven til Saudeholmen midt i biletet. Derfrå går det i spiral ned til røyrbru som går til Gurskøya i Sande.

Foto: Illustrasjon, Rovdefjordbrua

Morten Bjerkås

– Den mest realiserbare røyrbrua, sa Morten Bjerkås i Reinertsen, om Rovdefjordbrua.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Onsdag la dei fram planane for Rovdefjordbrua. Det nye i konseptet er at dei vil krysse fjorden med flytebru frå Vanylven til Saudeholmen i Sande. Derfrå går vegen i ein spiral ned til ein røyrtunnel som fører vegen inn til Gurskøya.

– Av alle røyrbruprosjekt som er greia ut er den kanskje mest realistisk å få bygd på kort sikt. Det er fordi den teknisk sett er enklare, sidan det er faste punkt i begge endar, fortel Bjerkås.

I tillegg er ikkje straum-, vind og bølgjetilhøva så kraftige som ein har sett mange andre stader.

Reinertsen og arkitektfirmaet Snøhetta var på synfaring i området i mai , og fekk då sjå korleis initiativtakarane ynskte å utvikle prosjektet.

– Håper å køyre gjennom før pensjonistalderen

Tor Inge Nygård

Tor Inge Nygård håper å få køyre gjennom den planlagde røyrbrua før han blir pensjonist.

Foto: Åge André Breivik / NRK

På presentasjonen i Ålesund var mellom anna Tor Inge Nygård, som pendlar frå Vanylven, med ferje til Gurskøya der han jobbar, kvar dag.

– Eg håper dette blir realiserbart. Det hadde vore kjekt å få køyre gjennom før pensjonistalderen tek meg, ler han, og legg til at det i beste fall tek åtte år.

Det er ikkje nødvendigvis urealistisk, skal me tru Bjerkås i Reinertsen. Bygginga av prosjektet slik det var presentert onsdag vil ta mellom tre og fire år. I tillegg kjem om lag eit år med planlegging, trur han.

– Det er ein del politisk arbeid som står att for finansiering, så det er den store utfordringa, fortel han.

Vil ha staten med på fylkesveg

For kryssinga av Rovdefjorden skjer på ein fylkesveg. Dermed er det ikkje automatisk slik at staten blir med på eit spleiselag. Likevel var håpet på møtet onsdag at staten skal gå inn i dette prosjektet som eit pilotprosjekt for å teste ut teknologien for røyrbruer.

I salen sat mellom anna fylkesordførar Jon Aasen, leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne, ordførar i Sande, Dag Vaagen, og alle verka vere einige om at staten måtte gå inn i dette prosjektet.

– Det er så mykje som er finansiert gjennom ferjeavløysing, bompengar og andre tilskot, at denne piloten truleg vil bli den billegaste staten kan gjennomføre, sa Oddbjørn Vatne etter presentasjonen.

Rovdefjordbrua

Saudeholmen ved Gurskøya blir overgangen mellom flytebrua og røyrtunnel.

Foto: Illustrasjon: Rovdefjordbrua

Håper på statleg hjelp

Blir Rovdefjordbrua gjennomført slik den er presentert i dag, vil den fungere som ein pilot for seinare prosjekt. Statens vegvesen har sagt at dei vil gjere målingar på korleis røyrbrua blir påverka, og i tillegg har prosjektleiaren for ferjefri E39 uttalt seg positivt til prosjektet.

– Det er viktig å få finansieringa på dagsorden no, seier prosjektleiar i Vanylven utvikling, Svein Gjelseth. Han meiner det er rett at staten skal vere med og ta ein del av kostnaden på det som blir teknologiutvikling i prosjektet.

– Når staten seier dei treng denne typen teknologi, ville det vere urimeleg om dei ikkje er med på å betale, seier Gjelseth.

– Blir meir fleksibelt med bru

– Eg har ikkje meir enn ein halvtime reise til jobb, fortel Nygård frå Vanylven. Med kapasitet på ferjene har han altså ikkje den lengste pendleavstanden.

Likevel håper han at det går fort å byggje brua.

– Problemet er at det på enkelte avgangar er veldig vanskeleg å kome med, og då blir det ein halvtime venting, seier han.

Difor vart han positivt overraska over det som vart presentert onsdag, og håper på den fleksibiliteten som ei bru vil gje.

– Dette har eg sett fram til i lenger tid, så dette var utan tvil positivt, seier han.