Hopp til innhold

– Deltaking i arbeid og fritid skal bli enklare

Professor Arild Hervik la i dag fram rapporten med forslag til korleis menneske med funksjonsnedsetjingar kan få ein betre kvardag. Hervik har ein alvorleg muskelsjukdom og er sjølv avhengig av hjelpemiddel i kvardagen.

Arild Hervik

Professor Arild Hervik sit i rullestol. Han har leia arbeidet med å foreslå forenklingar i systemet kring hjelpemiddel for folk med funksjonsnedsetjingar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sjukdomen har ikkje hindra Hervik i å vere leiar for det offentlege utvalet som no har kome med forslag til korleis ein skal få ei meir effektiv og framtidsretta formidling av hjelpemiddel til dei som treng det.

Måtte bli igjen i Molde

Anniken Haulie

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Foto: NRK

I dag blei innstillinga lagt fram for statsråd Anniken Hauglie. Framlegginga skulle etter meininga gå føre seg i Oslo. Men Hervik var i dag for sjuk til å reise frå Molde til Oslo. Framlegginga gjekk dermed føre seg på bildekommunikasjonstenesta Skype.

– Eg har vore i Oslo 10 gonger i samband med arbeidet i utvalet. Dette har eg greidd trass i at eg har nedsett funksjonsevne, seier Hervik til NRK.

Deltaking i arbeid og fritid

Målet med utgreiinga er å legge betre til rette for at menneske med funksjonsnetsetjingar skal kunne delta i arbeidslivet og å ha ei meiningsliv fritid. Utvalet har foreslått å gjere ein del justeringar i ansvarsforholdet mellom stat og kommune. Utvalet har også foreslått fleire tiltak for å effektivisere dagens formidling av hjelpemiddel.

– Vi vil ha meir brukarmedverknad og at dei med nedsett funksjonsevne får eit klarare ansvarsforhold mellom stat og kommune, seier Hervik.

Folketrygda og kommunane

Utvalet er delt i synet på om kommunane bør få ei meir aktiv rolle når det gjeld tildeling og formidling av enkle hjelpemiddel og hjelpemiddel som er ofte i bruk. Fleirtalet foreslår endringar i ansvarsforholdet mellom staten og Husbanken når det gjeld tilrettelegging av bustad. Utvalet har også forslag til endringar i forholdet mellom folketrygda og kommunane i samband med bruk av velferdsteknologi i heimane.

Utvalet foreslår at hjelpemiddelsentralane framleis skal vere statlege. Dei går også mot å redusere talet på hjelpemiddelsentralar, så lenge den digitaliserte rettleiinga av brukarane ikkje er betre utbygt enn i dag. Utvalet vil også sikre at brukarane skal ta imot like gode tenester uansett bustad.

Digitale løysingar

Utvalet etterlyser digitale løysingar som kan betre samhandlinga mellom hjelpemiddelsentralane og kommunane. Vidare legg utvalet opp til meir effektiv saksbehandling og raskare levering av tenester til dei som treng hjelpemiddel av ymse slag. I forslaga ligg også eit punkt som skal sikre personar med funksjonsnedsetjingar større medverknad i prosessen kring tildeling og bruk av hjelpemiddel.

Professor Arild Hervik i Molde og resten av utvalet har jobba i eit år for å betre regelverket rundt tildelinga av hjelpemiddel. Hervik trur at hans eiga erfaring med bruk av hjelpemiddel har vore ein styrke i arbeidet.

– Eigne erfaringar

– Ja, det har vore mykje å lære. Dette er eit stort og komplekst område. Det at eg har eigne erfaringar har hjelpt meg. No vonar eg at vi har lagt eit grunnlag som kan hjelpe statsråden med å gjere dette området endå betre for dei med nedsett funksjonsevne, seier Hervik.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie seier ho no skal setje seg inn i forslaga til endringar som utvalet har kome med.