NRK Meny
Normal

– Delfinen hoppa og byksa og leitte etter mat

Elevane var ferdige med skulearbeidet og skulle ned i fjøra i Vatnefjorden i Haram og prøve fiskelykka. Plutseleg var det eit stort sjøpattedyr som plaska i den spegelblanke fjorden.

Kval.

SJÅ VIDEO: Elevane ved Vatne ungdomsskule og læraren deira vart overraska då ein delfin dukka opp i Vatnefjorden.

I to dagar har den viltre krabaten boltra seg i vatnet i fjorden. Og besøket enda opp i noko som kunne minne om naturfagundervisning i praksis.

Det var på slutten av skuledagen, der det også var tentamen på skulen. Vi fann ut at vi skulle ta med elevane ut av skuleområdet. Så vi tok med oss fiskestenger og gjekk ned til sjøen, fortel lærar Kristian Magne Kjerstad.

Brått såg dei eit vak på andre sida av fjorden. Synet var så pass oppsiktsvekkande at dei valde å køyre bil til andre sida av fjorden der dei kom nærare. Då dei kom fram såg dei av dei hadde fått besøk av ein sjeldan gjest.

Det var veldig kjekt å sjå. Han hoppa og byksa og kunne sjå ut som om han leita etter noko. Det er ikkje ofte vi ser slike, seier Kjerstad.

Delfin Vatnefjorden

Delfinen hoppa, byksa og såg ut som om han treivst i Vatnefjorden.

Foto: Kristian Magne Kjerstad

Ekspert på livet i havet, Jan Einarsen stadfester at det er ein delfin, og ikkje ei nise som er i Vatnefjorden no.

Ei nise hoppar ikkje på denne måten. Nisa er eit dårleg sirkusdyr. Dette er ein nordatlantisk delfin, seier han.

Einarsen seier at det mest truleg er snakk om ein kvitskjeving. Dette er kvit på sida, men det er litt vanskeleg å sjå ut frå videoen. Det kan vere ein kvitnos også. Uansett er det eit flokkdyr, og det er ikkje så vanleg at desse delfinane er åleine.

– Det kan vere at han er sjuk eller litt omete i hovudet. Men det kan vere mange grunnar til at han er åleine, seier Einarsen.

Også skuleklassen frå Vatne ungdomsskule reagerte på at delfinen var åleine. Men dei såg ikkje mange sjukdomsteikn.

Delfinen verka frisk. Han hoppa og byksa. Men også vi blei litt uroa over at han var åleine, seier Kjerstad.

Kvitskjeving og Kvitnos er dei nordatlantiske delfinane som er mest utbreidde langs kysten av Møre og Romsdal.

Det er heller ikkje uvanleg at det kjem andre delfinartar på besøk frå sørlegare strok, seier Einarsen.

Einarsen trur det kan vere sild i fjorden som har lokka delfinen akkurat dit.

– Delfinar elskar sild. Og eg også åt sild i går, skrattar han. Det er veldig sunn mat, legg han til.