Hopp til innhold

– Dei vellukka historiene er langt fleire enn dei negative

UDI ønskjer å informere innbyggarane i norske kommunar om kva dei kan vente seg dersom det kjem eit asylmottak til kommunen.

Rune Vordahl, UDIs regiondirektør i Midt Norge

Rune Vordahl, UDIs regiondirektør i Midt Norge, ønsker å informere om kva ein kan vente seg med eit asylmottak i kommunen.

Foto: Nora Lie

Ein rekke norske kommunar har den siste tida oppretta, eller jobbar med å opprette, nye asylmottak som følgje av flyktningkrisen i Europa.

I ei pressemelding skriv UDI at alle norske kommunar og innbyggarar bør vere førebudd på å få asylmottak, på grunn av den store straumen av asylsøkarar som Noreg opplever i dag. UDI bestemmer ikkje kvar mottaka blir etablert, men steller seg til tilbod frå private og kommunale aktørar.

– Det er naturleg med ein viss skepsis, og det er sjølvsagt også mange spørsmål knytt til etablering av eit asylmottak i ei kommune. Men dei erfaringane vi har etter 25 år med asylmottak i Noreg er i all hovudsak positive, seier Rune Vordahl, regiondirektør i UDI Midt Norge.

Staten dekker utgiftene

Vordahl seier at mange kommunar er uroa for at etablering av nye asylmottak vil føre til ein meir pressa kommuneøkonomi. Han meiner det er viktig å vere klar over at staten gir tilskot til alle kommunane der det vert oppretta mottak.

– Desse tilskota skal dekke utgifter til helse, barnevern, tolketenester og administrasjon, seier Vordahl.

Også utgifter til skulegang og barnehageplass til asylsøkarbarna vert dekka av staten.

– Barn og unge i asylsøkarfasen lever i ein uavklart situasjon. Tiltak som bidreg til ein mest mogleg normalisert kvardag vil betre levevilkåra til barn. Aktivitetar kan bidra til meistring og virke førebyggande psykososialt, seier Vordahl.

Låg kriminalitet

– Dei aller fleste asylsøkjarar er lovlydige menneske. I ei stor gruppe av menneske vil det alltid vere nokon få personar som har ein åtferd som er problematisk eller kriminell. Dette gjeld asylsøkarar på same måte som det gjeld andre grupper, seier Vordahl.

Kriminell åtferd blant asylsøkarar består ifølgje UDI i hovudsak av mindre alvorlege lovbrot, som nasking og sykkeltjuveri.

UDI driv ikkje asylmottaka sjølv, men inngår ein avtale med ein driftsoperatør eller kommune om drifta, og fortel at driftsoperatøren er ansvarleg for tryggleiken. Vordahl meiner at det er viktig at både lokalbefolkninga og asylsøkarane føler seg trygge der dei bur.

– Det er viktig for oss å nå ut med grundig informasjon i nærområda. Men vi meiner at erfaringane våre gjennom 25 år viser at dei vellukka historiene er langt fleire enn dei negative, seier Vordahl og peikar på at mottaka mellom anna kan føre til auka handel, nye arbeidsplassar og halde innbyggartalet oppe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no