Hopp til innhold

– Dei tilsette uroar seg for dei som bur ved asylmottaket

Torsdag ettermiddag blei det klart at asylmottaket i Sunndal blir lagt ned frå årsskiftet. – Ein tung beskjed å få, seier Bente Mosbakk, som er leiar for innvandrartenesta i Sunndal.

Bente Mosbakk

Leiar for innvandrartenesta i Sunndal,Bente Mosbakk, er uroa for dei som no må flytte frå mottaket, og for den kompetansen som går tapt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

UDI har sagt opp avtalen med Sunndal kommune med verknad frå årsskiftet. Mange av dei tilsette tok beskjeden om at det no er slutt tungt.

– Mange blei triste på eigne vegne, men dei er også uroa for dei som bur ved mottaket. No blir mange barnefamiliar flytta rundt igjen. Dei tilsette er opptatt av at overgangen skal bli så lsmidig som muleg for barnehage- og skulebarna. Det var fremst i samtalane med dei tilsette, fortel Mosbak.

Fryktar kompetanse går tapt

Siste dag ved fylkets eldste mottak blir altså 31.desember, etter 30 års drift. Og samtidig som siste asylsøkar forlet mottaket kan og kompetansen som er opparbeidd i Sunndal gå tapt, fryktar Mosbakk.

– Sjølvsagt er eg og trist og lei meg med tanke på dei som vi har buande her, og som no må flytte. Men eg er og veldig trist over tanken på all den kompetansen vi no ikkje får brukt på dei som treng det mest, seier leiaren for innvandringstenesta i Sunndal.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal (Ap) meiner det er kortsiktig å legge ned asylmottaket i Sunndal.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Arbeidarpartiordførar Ståle Refstie har oppmoda regjeringa om å gjere om på vedtaket. Han har særleg peikt på behovet for plassar for barn og unge, og også Refstie har peikt på den kompetansen på dette området som er bygd opp i Sunndal. For avgjerda som kom torsdag, har vore varsla ei tid.

Partifelle og stortingsrepresentant, Fredric Holen Bjørdal, er kritisk til nedleggingsvedtaket.

– For meg er det svært uforståeleg at Sunndal asylmottak ikkje er verdt å ta vare på. Sjølv om tala for asylankomstar er låge no, er det kortsiktig å legge ned. No kan regjeringa vise at ho er like opptatt av å ta vare på dei som faktisk kjem til landet, som av å redusere talet på kor mange som kjem hit.