Hopp til innhold

– Dei øydelegg naturen med å kline inn kunst

Kurt Oddekalv synest det er berre tull med ein sjøorm langs Atlanterhavsvegen. No krev Norges Miljøvernforbund at Statens vegvesen sluttar å byggje kunstverk i naturen og ved nasjonale turistvegar.

Kurt oddekalv

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, meiner urørt natur bør forbli urørt.

Foto: Allan Klo

Det er mellom anna planane om eit kunstverk langs det kjende landemerket Atlanterhavsvegen som får Kurt Oddekalv til å reagere.

En orm av marmor kan komme på Atlanterhavsvegen

I den fremste marmorkommunen i landet, Eide, blir mange provosert av at Atlanterhavsvegen kan få ein skulptur av en orm laga av italiensk marmor.

Foto: Nasjonale turistveger
Slik kan skulpturen på Atlanterhavsveien se ut

Kunstnaren, Jan Freuchen, har kalla kunstverket «Columna Transantlanticus», den transatlantiske søyle. Biletet viser ein idé om korleis det kan bli, men det gjenstår mykje arbeid, ifølgje Nasjonale turistveger.

Foto: Nasjonale turistveger

Statens Vegvesen tilbyr nemleg Eide kommune ein lang oppkappa sjøorm av italiensk marmor som skal ligge langs den verdskjende kystvegen.

– Dette tar heil av, seier leiaren i Norges Miljøvernforbund.

Les også:

– «Kunsttull»

No har Norges Miljøvernforbund sendt eit brev til samferdsledepartementet der dei krev at Statens Vegvesen skal stoppe vidare utbygging av kunstige byggverk i naturen.

– Folk reiser frå heile verda for å sjå natur og så skal dei kline inn noko «kunsttull» og øydeleggje det urørte, rasar Kurt Oddekalv.

Den planlagde sjøormen ved Atlanterhavsvegen har også møtt skepsis frå fleire hald. I Eide vart det halde folkemøte då ideen vart kjend, slik at alle som ville kunne seie si meining. Eide kommune sa ja til å ta imot sjøormen i planutvalet 25. januar.

– Atlanterhavsvegen og naturen rundt er ei oppleving i seg sjølv. Ein treng ikkje kunstige sjøormar. Dette blir heilt feil, altså, meiner Oddekalv.

Vil styrke Noreg som reisemål

Statens Vegvesen har fått ansvaret for å utvikle attraksjonar ved totalt 18 nasjonale turistvegar ulike stadar i Noreg.

– Vi prøver å gjere stopp som folk har brukt frå før meir interessante, fortel Jan Andresen i Statens Vegvesen.

Han meiner attraksjonane bidreg til å gjere Noreg til eit endå meir attraktivt reisemål.

– Det har vist seg at desse småtinga vi no lagar rundt omkring er med på å styrke Noreg som reisemål. Vi vil rett og slett styrke opplevinga for dei som ferdast langs vegen.

«Columna Transatlanticus»

Atlanterhavsvegen i brytningen mellom regn og sol

Atlanterhavsvegen på Nordmøre har blitt ein attraksjon for turistar frå heile verda.

Foto: Solveig Irene S. Smørholm

Kunstnaren bak sjøormen som kan kome til Atlanterhavsvegen, Jan Freuchen, har kalla kunstverket «Columna Transantlanticus», den transatlantiske søyle, og har blant anna desse assosiasjonane:

«Ei klassisk søyle som har velta og delt seg, undersjøiske leidningar som fraktar fossilt brennstoff fra havdjupna, ein mystisk sjøorm, eller nedslitne ryggvirvlar etter ein stranda kval».