Hopp til innhold

– Dei leikar med livet

Anita Nøring i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er bekymra for turistar som trassar sperringane ved Flydalsjuvet og andre utsette stadar. – Dersom ein trakkar skeivt, kan ein fort skli utfor stupet.

Mann på flydalsjuvet

Her sit turistane farleg nære kanten på stupet. Det er fleire hundre meter ned.

Foto: Jorge Dalsbø/PRIVAT

Fleire turistar trassar sperringar ved høge stup i håp om å få eit spenstig bilde. I ettermiddag tok ein turist spretthopp ved kanten på Flydalsjuvet i Geiranger.

Les også:

Anita Nøring, avdelingsleiar for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, er bekymra på vegner av turistane som trassar sperringa.

– Dei leikar med livet og eg er usikker på om dei som gjer dette forstår farerisikoen. Dersom ein trakkar skeivt når ein landar, kan ein fort skli utfor stupet, seier Nøring.

Sjå video frå det vågale spretthoppet:

Livsfarlig lek ved Flydalsjuvet i Geiranger

Både nordmenn og utanlandske turistar

Både norske og utanlandske turistar utfordrar grensene, men Anita trur dei norske er meir kjent med forholda til naturen.

– Utkikkspunkt er spennande, men det er ikkje alltid folk er førebudd på kva som ventar dei. Ein søndagstur for oss som bur her, kan vere ein topptur for dei som kjem på besøk.

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre jobbar med å informere turistane om kva som ventar i terrenget, få oversikt over kva dei er vande med frå før, i tillegg til å minne dei på fjellvettreglane.

Opplever du at turistane er mottakelege for denne informasjonen?

– Ja, utan tvil.

Deler bilde på sosiale medium

Anita Nøring

Avdelingsleiar for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Anita Nøring.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Sjølv om dei får kjennskap til risikoen, er freistinga for å utfordre skjebnen litt for stor. Det er også svært vanleg å dele bilde frå risikofylte stadar på sosiale medium.

Kan bilete frå sosiale medium og postkort av folk som sit på stup, vere med på å trigge at folk bryt grensene sine?

– Det er nok delvis det. Ein ser eit bilete og det trigger ein til å reise dit. Sjølv om eit bilete eller postkort gir ein wow-faktor, bør folk ha sunn fornuft når ein sjølv besøker plassen, seier Nøring.

Nøring oppmodar også folk som bur nær slike område og kjenner til risikoen om å gå framom som eit godt eksempel.

– Kan bli flinkare på skilting

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er veldig opptekne av å informere om risikovurderingar, men seier det er vanskeleg å skulle halde folk unna utsette område.

– Kva kan ein gjere for å unngå at folk tek unødig risiko?

– Vi kan bli flinkare til å skilte og informere. Skiltinga vår er meir moderat enn i mange andre land og kanskje ikkje like tydeleg, men det er viktig at vi lærer turistane kva det betyr, seier Nøring.

Fjelltoppane i Møre og Romsdal blir merka frå grøn til svart, slik at besøkande lettare skal kunne sjå vanskegrad og risikoen ved dei ulike turane.