Hopp til innhold

– Dei klarer ikkje å kneble Sylvi

Fylkesleiar i heimfylket til Sylvi Listhaug, Frank Sve (Frp), seier ingen skal tvile på at ho kjem til å gjere seg sterkt gjeldande i norsk politikk.

Frank Sve

Frank Sve (Frp), fylkesleiar i Møre og Romsdal, meiner Sylvi Listhaug er ein av dei beste politikarane som har vore i Noreg, og lovar at ho vil halde fram med å vere synleg i politikken.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag morgon gjekk Sylvi Listhaug ut med beskjeden om at ho trekkjer seg som justisminister, berre to timar før Stortinget skulle røyste over eit mistillitsforslag mot henne.

– Det er ille at norsk politikk har blitt slik at ein til stadig skal drive med nærmast heksejakt for å få personar ut av regjeringsposisjonar, seier Sve.

– Sylvi blir svært synleg på Stortinget

Listhaug gjekk etter seks dagar opp på talarstolen og orsaka det kontroversielle Facebook-innlegget ho la ut førre fredag, men trekte seg tysdag for å unngå at Frp misser makt. Partikollegaen frå heimfylket, Frank Sve, trur Sylvi Listhaug kjem til å gjere seg svært gjeldande i norsk politikk vidare også.

Om dei trur dei har fått knebla Sylvi Listhaug, då må dei tenkje seg om ein gong til

Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp
Sylvi Listhaug og Frank Sve

Sylvi Listhaug og Frank Sve samarbeidde tett under valkampen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sve gav sjølv frå seg plassen som førstekandidat for Møre og Romsdal Frp til Sylvi Listhaug slik at ho skulle sikre seg plass på Stortinget.

– Sylvi er ein knakande god politikar som har klart til gangs å få ut bodskapen til alle på grasrota. At ein no prøver å kneble Sylvi gjennom å prøve å presse henne ut av regjering,slik som Støre, KrF og andre har gjort,har vore lite verdig. Eg er svært lite imponert over denne prosessen.

– KrF har handtert saka dårleg

Fleire parti har stilt seg bak mistillitsforslaget som Rødt stilte mot Sylvi Listhaug og også KrF-leiar Knut Arild Hareide har gått hardt ut mot henne.

KrF har likevel vore splitta i saka, men Krf-ordførar Harry Valderhaug frå Giske på Sunnmøre meiner at også Sylvi Listhaug sjølv har ansvar for at denne saka førte til at ho måtte trekkje seg.

Harry Valderhaug

Krf-ordførar i Giske på Sunnmøre, Harry Valderhaug, er kritisk til korleis hans eige parti har handtert saka.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg synest at Listhaug utførte rolla si dårleg i denne saka. Ho skal vere alle sin justisminister. Og det såg ikkje bra ut det som skjedde på Stortinget før helga, seier han.

Samtidig er Valderhaug kritisk til korleis hans eige parti handterte forslaget til mistillit.

– Eg meiner at KrF har handtert saka dårleg. Dei burde respondert raskare og ikkje venta til i går med å ta stilling til dette.

– Det toppa seg for KrF

Fylkesleiar i Møre og Romsdal og medlem av landsstyret i KrF, Randi Frisvoll, meiner det var riktig av Listhaug å trekke seg som justisminister og er glad for at KrF ikkje måtte stille mistillitsforslag til regjeringa.

Randi Walderhaug Frisvoll

Fylkesleiar for KrF i Møre og Romsdal, Randi Valderhaug Frisvoll, er glad for at KrF ikkje trengde å stille mistillitsforslag mot Listhaug.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg meiner ho kunne gjort det før, så hadde ho kanskje sloppe køyret den siste veka. No består også regjeringa, og det var det vi ville, seier ho.

Også Frisvoll meiner at Listhaug hadde skuld i saka.

– Sylvi er berre eit menneske, men det er uttalane hennar den siste veka, men også tidlegare, som gjer at det toppa seg for KrF

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL