Hopp til innhold

– Dei frivillige gjer ein kjempejobb

Dei frivillige organisasjonane har vore, er og blir svært viktige i arbeidet med å hjelpe dei 350 asylsøkarane som har kome til Kristiansund dei siste vekene, meiner Kristin Brevig i kulturetaten.

Kristin Brevik i kulturetaten i Kristiansund

Kristin Brevig i kulturetaten takkar for den frivillige innsatsen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Medan kommunen har kalla inn til møte og stilt med lokale, har dei frivillige svart med stor dugnadsinnsats. Den har mellom anna gjort at asylsøkarane har fått kle til å møte vinteren med.

– Det som gjer at dette fungerer er at vi er så mange, at alle er blide og at vi har så mange med stor givarglede, seier Brevig.

Har meir enn nok

Kle, sko, akebrett og syklar er samla inn og blir delt ut. Det er faktisk samla inn så mykje at dei har meir enn til dei nyankomne asylsøkarane. Også busette flyktningar og andre i byen får nyte godt av det som er samla inn.

– Det er nok av dei som slit, og vi har i overflod, så dei som har behov kan berre kome, oppmodar Brevig.

Frivillegarbeidar i Kristiansund

Anne Lise Lauvstad har nok å gjere med å ta imot og sortere kle.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Men nokre manglar heilt erfaring med å bu i eit vinterland, og må bli forklart at ein tjukk genser og ei regnjakke kan vere godt å ha når ein skal bu i Kristiansund.

– Vi må fortelje dei korleis vêret er her, seier frivilligarbeidar Anne Lise Lauvstad.

Integrering

Når primærbehova er dekt held dugnadsarbeidet fram i form av aktivitetar. Difor er mellom anna idrettslaga inviterte til eit møte, for å høyre om dei kan integrere særleg barn.

– Vi møter så positive haldningar at vi allereie har plotta inn ulike aktivitetar på ulike dagar på ein aktivitetskalender som vi har laga. Det har vi kunna gjort på grunn av den gode viljen vi møter, smiler Brevig.