– Dei evakuerte var budde

Dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma vart i går evakuerte for tiande gong sidan 2014 og femte gong sidan august i år. – Innbyggjarane var førebudde på at det kunne skje. Det var nesten godt for dei å få telefonen om evakueringa i går kveld. For ventefasen er veldig spesiell, seier Rauma-ordførar Lars Olav Hustad til NRK. Han legg til at det ikkje var uventa at det skulle bli så mange evakueringar i haust, sidan det var ein tørr sommar og det derfor var venta mykje nedbør i haust.

Lars Olav Hustad
Foto: Silje Bjerknes / NRK