Hopp til innhold

– Dau og tafatt kamp

Tabbar, sviktande balanse og til tider kjedeleg. Kjetil Rekdal var skuffa over preglaust AaFK-spel mot Lillestrøm SK.

Eit kvarter uti andre omgang satte Edwin kampens første og einaste mål. Kampen enda 1-0 til Lillestrøm SK då dei møtte Aalesund FK på heimebane søndag.

Preglaust spel

Lillestrøm hadde overtaket frå byrjinga av kampen, men innan pause hadde Aalesund spela seg inn i kampen. Med fleire tabbar, manglande balanse og kjedeleg spel var det ikkje ein omgang å skryte av.

I andre omgang hadde Lillestrøm sjansane, og ein av dei første fram med Edwins mål etter 63 minutt. Aalesund spelte tidvis bra forsvar, men mangla reelle målsjansar.

Daudt og tafatt

– Det var ein dau fotballkamp og vi spelte daudt spel i dag. Du scora ikkje mål om du ikkje setter inn presset, seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal til TV2 etter kampen.

– Ein må spele meir agressivt på bortebane, og det gjorde vi ikkje i dag. Dette var skuffande av oss.

Skadd

Like før pause var Daniel Arnefjord ute av spelet. Svensken landa på si eiga hand etter ein luftig hodeduell og fekk behandling av hjelpepersonell.

Det har ikkje vore store sjansar i kampen, fleire tabbar og spelarar med sviktande balanse gjer at omgangen neppe er god reklame for norsk eliteseriespel.

Uavgjort

Etter kveldens dyst har AaFk møtt LSK på Åråsen åtte gonger. To gonger har dei spela uavgjort, seks gonger har dei måtte gått slukøyra til lagbussen med poeng mot seg. Det har aldri blitt nokon seier på Åråsen, og det skulle det ikkje bli i kveld heller.

Sjå framgongen i kampen minutt for minutt.

Ni strake

Medan Aalesund har funne stilen i år og brote fleire liknande barrierar på bana, stod Lillestrøm fast på ein dalande kurve før kveldens kamp. Dei hadde ikkje vunne på ni strake kampar og tangerte klubbrekorden med ni kampar utan seier i fjor.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL