Harald Tom Nesvik (Foto: NRK)
Leiar i Stortinget sin helse- og omsorgskomité, Harald Tom Nesvik frå Frp, er misfornøgd.
Køane i helsevesenet vil mest truleg auke, og ein del av dei planlagde investeringane framover vil ikkje kunne realiserast, seier Nesvik.
– Dårlege tider
Dei 500 millionar kronene ekstra betyr i utgangspunktet berre at ein kan vidareføre drifta frå 2005. I tillegg krev regjeringa at dei regionale helseforetaka skal gå i balanse neste år, seier Nesvik.
– Det vil seie at det blir dårlege tider for sjukehusa.