Hopp til innhold

– Dårleg syn går ikkje ut over dei små grå

Synet til rådmann Birgit Eliassen i Gjemnes er sterkt begrensa og ho har det ho sjølv kallar tunnelsyn.

Birgit Eliassen

Birgit Eliassen meiner det ikkje er noko problem å vere rådmann sjølv om sidesynet manglar.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Til dagleg og på jobb brukar ho ikkje den kvite stokken sin. Der kjenner dei fleste henne og veit at dei må skygge unna og sleppe henne fram. Men på ukjende stader kjem stokken fram, og då brukar ho den nærast som ein ljå for å rydde unna og oppdage eventuelle hindringar.

Ser ikkje nasetippen din

Birgit Eliassen, rådmann i Gjemnes

Birgit Eliassen meiner det kan vere sunt for andre å forhalde seg til folk med nedsett funksjon.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Eg har ikkje sidesyn, har tunnelsyn som det ofte blir kalt. Men eg brukar å seie at eg ser det eg vil sjå. Faktum er at viss eg får litt avstand til ting, så får eg det lettare inn i sidesynet. Dessutan er eg flink til å flytte blikket, så eg får eigentleg med meg nokså mykje, fortel Eliassen.

Men står det ein person rett framfor henne så ser ho gjerne augene til den ho snakkar med, men ikkje nasetippen.

– Det er meir slitsomt med mykje folk, mykje støy og mykje nytt å forhalde seg til. Jobben generel er sånn sett ikkje noko problem. Eg har ingen problem med lesing eller skriving, og å sjå dårleg går heldigvis ikkje ut over dei små grå, ler Gjemnes-rådmannen.

Taklar kvardagen

Birgit Eliassen ler mykje når ho fortel om sin eigen situasjon. Kanskje fordi ho ikkje opplever kvardagen som uhandterbar, sjølv om ho sit i ei krevande stilling som rådmann.

– Det fins blindeskrift, eller ein kan få tekst opplest via teknologiske løysingar. Som rådmann er eg ofte i møter, og det er der vedtak blir gjort. Eg trur kanskje det kan vere sunt av og til for kollegaer og andre menneske å måtte forhalde seg til personar som ser dårleg eller har anna nedsett funksjon.

Og det blir også noko av det ho vil snakke om i løpet av konferansen om inkluderande arbeidsliv som ho er på i dag. For ein del av filosofien til IA er nettopp det å tilsette folk med ulik funksjonsnedsetting.

– Vi har ikkje nokon overordna plan for dette i Gjemnes, men der er rådmannen per definisjon blind.

Birgit Eliassen ler igjen, men peiker samtidig på kor viktig det er at kommunen tar vare på sine tilsette. Også når den er i ei omstilling, og også når det gjeld dei med ulik grad av funksjonsnedsetting.

Rådmann i Gjemnes, Birgit Eliassen

Til dagleg brukar ikkje Birgit Eliassen den kvite stokken sin.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Ikkje alt let seg ordne

Ho fortel at kommunen, som ei bedrift som er med på ordninga med inkluderande arbeidsliv, er forplikta til å prøve å få til ei tilrettelegging så langt råd er.

– Men vi kan ikkje opprette nye stillingar for å sysselsette folk med funksjonsnedsetting. Og det må vi vere tydelege på, at ikkje alt ordnar seg sjølv i ei IA-bedrift.

Men Eliassen meiner bedrifter og kommunar som er med på ei slik ordning prøver å strekke seg litt lenger enn andre bedrifter for å legge forholda til rette. På konferansen skal ho snakke om kva kommunen er forplikta til, men og kva krav som blir sett til den tilsette.

Saman med Berit Eliassen deltar det omlag 600 personalrådgivarar og sjefar, verneombod og tillitsvalde. I vårt fylke er det omlag 10 000 arbeidstakarar med redusert arbeidsevne. Rådmannen i Gjemnes er eit døme på korleis inkluderande arbeidsliv kan fungere.