– Bypakken har ein god miljøprofil

Knut Anders Oskarsson (H) meiner den nye bypakken i Ålesund har ein god miljø- og kollektivprofil. I bystyret torsdag braut Oskarsson ut av Høgre-gruppa og bidro til at Ap, KrF, SV og Miljøpartiet fekk gjennom sitt forslag til bypakke til 3,6 milliardar kroner.Han meiner at den bypakken som blei vedtatt, har ei balansert bompengeløysing. I den vedtatte pakken er Brosundtunnelen og strekninga Breivik-Vegsund tatt ut frå den opprinneleg pakken til 6,9 milliardar kroner.

Knut Anders Oskarsson
Foto: Trond Vestre / NRK