Hopp til innhold

– Bygg opp kompetansen her i landet

– Kompetansen og teknologien som krevst som følge av nye miljøkrav må bli bygd opp her til lands, seier administrerande direktør ved Fiskerstrand Verft, Rolf Fiskerstrand.

Rolf Fiskerstrand

Rolf Fiskerstrand er fornøgd med at det blir stilt nye miljøkrav.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er energi- og miljøkomiteen på Stortinget som denne veka blei samde om å stille klare miljøkrav til nybygg. Det inneber meir satsing på batteriferjer og ferjer med lågt utslepp av miljøgassar.

Rolf Fiskerstrand synest det er svært gledeleg at politikarane går inn for å stille slike krav.

Klare føringar

– Eg er imponert og glad, og all honnør til komiteen som set slike krav. Dei inneber at den framtidige ferjeflåten får lågare utslepp av mellom anna CO₂. Dermed blir det også lagt klare føringar for at det skal bli utvikla ny teknologi som gjer at det blir meir miljøvenlege ferjer som skal trafikkere norske samband framover.

Fiskerstrand rosar også miljøkomiteen for ikkje berre å fokusere på riksvegsamband, men også på fylkessamband og ser at det er behov for pengar også her.

Når kravet nærmar seg eit nullutslepp trur Fiskerstrand det fører til ei dreiing i norsk skipsindustri, og medfører oppbygging av ny kompetanse.

Ny teknologi

Ny gassferje

Gassferjene var ei nyvinning - no ventar ny teknologi.

Foto: Fjord1

– Det er kjent at gassferjene, av norsk teknologi, er ei stor vinning som har redusert utsleppa kraftig, seier Fiskerstrand, som kan vise til at seks av desse er bygde i Sula.

Han fortel at desse ferjene blei bygde nettopp fordi det blei satsa på ny teknologi og med miljøkrava i mente. Etter kvart blir det batteriteknologi og hybridteknologi om bord i ferjene.

I fremste rekke

– Dette må vi passe på at Noreg blir med og utviklar, slik at vi kan ligge fremst i verda. Men då må vi behalde kunnskapen og teknologien her i landet. Derfor må vi sørge for at ferjene og liknande blir bygde her til lands, og eksportere ferdige produkt framfor kunnskap.

Ifølge Fiskerstrand gjer det at arbeidsplassar her i landet blir bevarte og bygde opp.

– Det gjer at vi blir fremst i verda med slik teknologi, ein teknologi som verda står klar til å kjøpe frå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL