Hopp til innhold

Ingen vil køyre buss lenger

Ikkje éin einaste kvalifisert søkjar meldte seg då Fjord1 Buss Møre annonserte etter nye sjåførar.

Fjord 1 buss

På desse bussane vil nærmast ingen ta seg jobb lenger. Leiar i Fjord1 Buss Møre trur eit nytt EU-direktiv har skulda for få kvalifiserte søkjarar.

Foto: Geir Løvbugt

Jan Arild Aarseth

Jan Arild Aarseth i Fjord1 Buss Møre har aldri opplevd å ikkje få ein einaste kvalifisert søkjar til buss-sjåførstillinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er ikkje lett å skaffe buss-sjåførar lenger. Det har Fjord1 Buss Møre fått erfare.

Då dei søkte etter fleire folk, var det ikkje éin einaste av søkjarane som var kvalifisert. I bunken var det stort sett polakkar utan norskkunnskap.

– Det har vi ikkje opplevd nokon gong. No ser vi eigentleg mørkt på framtida, seier avdelingsleiar i Fjord1 Buss Møre, Jan Arild Aarseth.

60.000 kroner for lappen

Han meiner at det er eit nytt EU-direktiv som har skulda for at ingen har lyst til å bli bussjåfør.

Direktivet krev at alle nye buss-sjåførar tek eit 140-timars kurs i tillegg til sertifikatet. Til saman kostar dette 60 000 kroner.

– Situasjonen som vi er i no er veldig uheldig. På sikt vil vi få store problem med å dekkje inn køyringa med eksisterande arbeidsstokk, fortel Aarseth.

Få går på kurs

Rogne Trafikkskule, som utdannar yrkessjåførar i Ålesundsområdet, hadde to på skulebenken på førre kurs.

Neste veke er det nytt kurs, men også no har berre to meldt seg på.

– Nedgangen i elevtalet er formidabel, og utviklinga skremmande, seier dagleg leiar Ben-Hugo Lingås.

Rune Sundby

Rune Sundby trur ikkje det er ein fin nok tittel for mange å vere buss-sjåfør.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Buss-sjåfør er ikkje fint nok

Buss-sjåfør Rune Sundby har frakta passasjerar sidan 1982. Han likar godt jobben sin, men trur ikkje buss-sjåførtittelen er fin nok for mange.

– Det har vel aldri vore statusarbeid. Det kan vere hektisk, og lønsmessig er det kanskje ikkje så tiltrekkjande for den yngre garde. I tillegg kostar det mykje å utdanne seg, seier Sundby.

For Sundby sjølv er derimot kvardagen som bussjåfør storvegs.

– Eg starta køyringa i 1982, og eg synest det er stas å køyre buss.

– Eg har alltid følt nærværet til folk. Det er eit serviceyrke der ein må meistre ulike folketypar, samt ha kontroll i trafikken. Det er ikkje sikkert det ligg for alle?, undrar Sundby.