Hopp til innhold

– Burde vore betre merka

Sigmund Kaplanski, kaptein på redningsskøyta «Erik Bye», meiner skjæret der ein fiskebåt gjekk på grunn laurdag kveld, burde vore betre merka.

Sigmund Kaplanski

Sigmund Kaplanski, kaptein på redningsskøyta «Erik Bye», meiner skjæret Braken like vest for Hestskjæret utanfor Averøya burde vore betre merka.

Foto: Redningsskøyta Erik Bye

– Dette er eit skjær som ligg utsett til. Spesielt på nattetid er dette eit skjær som det kan vere vanskeleg å få auge på, seier Kaplanski.

Det var seint laurdag kveld fiskebåten «Leif Roald» gjekk på grunn på skjæret Braken like vest for Hestskjæret utanfor Averøya. Mannskapet på ni hadde gått i redningsflåten da redningsskøyta «Erik Bye» kom til staden rundt klokka 22.00 laurdag kveld.

«Leif Roald» gjekk først på skjæret, før havet trakk den ut igjen. Etter først å ha lege med kraftig krenging, gjekk den til slutt rundt og blei liggjande med kjølen i været. Det er enno ikkje klart kva som var årsaka til at båten gjekk på grunn.

Også supplybåten «Poseidon» var med i redningsaksjonen og frakta deler av besetninga inn til Kristiansund. Alle blei køyrt til Kristiansund sjukehus for legesjekk. Ingen skal ha kome alvorleg til skade, men fleire var sterkt preget av dramatikken og vil få oppfølging av kommunens kriseteam.

Andre båt på Braken

Dette er den andre båten som går på grunn på dette skjæret på under eitt år. I april i fjor sank arbeidsferja MS «Raana» etter å ha gått på det same skjæret. Kaplanski seier at det har vore fleire liknande episodar opp igjennom åra, og meiner det hadde vore positivt dersom skjæret blei betre merka.

RS 113 Erik Bye

Redningsskøyta «Erik Bye» måtte laurdag hjelpe ein fiskebåt som gjekk på grunn.

Foto: RS Stavanger / Redningsselskapet / NTB scanpix

– Det hadde vore ein fordel dersom skjæret hadde hatt eit lys eller noko som blinka. Dette er noko vi som ferdast på kysten her ofte har snakka om, seier han.

Kapteinen har likevel forståing for at Kystverket så langt ikkje har merka skjæret på denne måten.

– Det er eit utfordrande skjær å ha lys på ettersom det er i eit vêrutsett området med mykje bølgjer. Det kan vere problematisk å ha lys på eit slikt skjær når sjøen bryt sund alt, seier Kaplanski.

– Men det hadde vore ønskjeleg, held han fram.

I gong med arbeidet

Ifølgje Guttorm Tomren, seniorrådgjevar i Kystverket, er arbeidet med å utbetre markeringa av skjæret allereie i gong, og skal sluttførast i løpet av 2015.

– I årsplanen for 2014 blei det bestemt at det skulle settast opp ei lanterne på skjæret. Vi blei nesten ferdig i fjor, men på grunn av dårleg vêr måtte vi avslutte arbeidet, seier han.

Området der skjæret ligg er svært vêrutsett, noko som skaper krevjande arbeidsforhold. Tomren seier dei er avhengig av betre vêr for å kunne ferdigstille arbeidet på ein trygg måte.

– Skjæret ligg i eit vanskeleg område, og det er nok det som er grunnen til at det ikkje har vore noko lys på merket som er der frå tidlegare. No håpar vi å kunne bygge eit merke med lys som er sterk nok til å tole den vêrsituasjonen som er der, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL