Hopp til innhold

– Burde vere unødvendig at foreldre kjempar for inneklimaet

Fortvilte foreldre i Ålesund har betalt fuktmålingar på skulen av eiga lomme. Foreldreutvalet for grunnopplæringa i Noreg, meiner at godt inneklima skulle ha vore ei sjølvfølge, og ikkje noko foreldre skulle bruke energi på.

Emblem skule

Onsdag var det synfaring på Emblem skule. Rektor Øyvind Hurlen viser representanten frå Arbeidstilsynet både fuktskader og sprekker.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Emblem skule i Ålesund er berre ein av mange skular i landet som har muggsopp og fuktskadar. I lang tid har elevane klaga på hovudpine og diffuse helseplager, utan at kommunen har følgt opp uromeldingane frå skulen. Til slutt tok FAU saka i eigne hender og betalte for fuktmålingar på fire klasserom. Prøvene viste høge verdiar av muggsopp og to klasserom vart stengt. Onsdag denne veka kom Ålesund kommune på synfaring og det vart tatt fleire prøver.

Elisabeth Gundersen

Elisabeth Strengen Gundersen i FUG meiner at det er bra at foreldre engasjerer seg, men at dei burde sleppe å bruke tid på inneklima.

Foto: Foreldreutvalget for grunnopplæringen

Burde vere unødvendig

Elisabeth Strengen Gundersen, som er leiar for foreldreutvalet for grunnopplæringa i Noreg, synest det er fint at foreldre engasjerer seg, men meiner at det burde ha vore unødvendig å bruke krefter på inneklima.

– Foreldra sitt engasjement bør vere på barnas læring og det psykososiale miljøet. Ikkje på inneklima, som skulle vere eit sjølvfølge at skule og kommune har i orden, seier Gundersen.

Ho ser likevel at mange foreldre rundt om i landet må bruke tid på å kjempe for eit bra inneklima.

Mugg på Emblem skule

Slik såg det ut i takkonstruksjonen på Emblem skule. Der er tydelege teikn på fukt etter fleire lekkasjar.

Foto: Aksjonsgruppa for Emblem skule

Manglar godkjenning

I ei NRK-undersøking før valet, svarte rundt halvparten av kommunane at dei har ein eller fleire grunnskular som ikkje er helseverngodkjende. Det betyr at over 200.000 elevar i den norske skule går på skular som ikkje fylgjer krava til inneklima, vedlikehald og reinhald.

Maria Zahl

Maria Zahl er engasjert i aksjonsgruppa som foreldre ved Emblem skule har starta.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For FAU på Emblem skule vart kampen om eit betre inneklima så omfattande at foreldra oppretta ei eiga aksjonsgruppe. Maria Zahl er ei som er engasjert der.

– Det vi har vore mest uroa over er at kommunen ikkje tar tak i problema, og at det får lov å utvikle seg over år, seier Zahl.

May-Britt Nakken er leiar for aksjonskomiteen. Ho meiner foreldre burde heller ha brukt ressursane på andre ting som kjem barna til gode, som for eksempel å bygge ein klatrepark, som dei har snakka om i fleire år.

– Det er forkasteleg at foreldra må bruke så mykje tid på inneklimaet. Men vi har ein skule som rotnar på rot, og dermed har vi ikkje noko val, seier Nakken.

Visste om problema

Synfaring på Emblem skule

Onsdag denne veka var det synfaring ved Emblem skule, der blant anna kommunelege og Arbeidstilsynet var med.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kommunalsjef i Ålesund kommune, Bjørn Ivar Rødal, avviser at dei har venta med å undersøke skulen før foreldra tok initiativ.

– Vi har eit program for vedlikehald og vi har god kartlegging av bygga våre. Vi veit at situasjonen på Emblem skule har vore vanskeleg og vi hadde tatt tak i problema då foreldra gjorde undersøkingar, seier Rødal.