Hopp til innhold

– Burde gjort meir

Pasientar og pårørande har fått for lite informasjon om helgestenginga av barneavdelinga i Kristiansund, det meiner pasientombodet i Møre og Romsdal.

Runar Finvåg

Runar Finvåg, pasientombod i Møre og Romsdal meiner Helse Møre og Romsdal burde gjort meir for å informere befolkninga om helgestenginga av barneavdelinga i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

– Helseføretaket har gjort ein for dårleg jobb i forhold til kommunikasjon til pasientar og pårørande i samband med helgestenginga av barneavdelinga i Kristiansund, seier Runar Finvåg, pasientombod i Møre og Romsdal.

Barneavdelinga i Kristiansund har vore helgestengt sidan oktober i fjor. Det betyr at dei som treng behandling av ein barnelege, anten må reise til Ålesund eller Trondheim i helgene.

Saka har skapt sterke reaksjonar i Kristiansund og på Nordmøre elles. Frykta er at born skal lide overlast på grunn av flytting. I slutten av januar blei det også auksjoner mot helgestenging av barneavdelinga

Må skape tryggleik

Pasientombod Runar Finvåg, legg vekt på at det ikkje er opp til han å vurdere om tenestene til helseføretaket er forsvarlege eller ikkje. Men han meiner helseføretaket bør vere betre til å informere pasientane og pårørande om helgestengd barneavdeling i Kristiansund. Han meiner det er spesielt viktig i saker som blir slått opp og problematisert.

– Det kan det vere med på å skape uvisse. Då må helseføretaket kome på banen og gi god nok informasjon om korleis dei skal løyse utfordringar, og trygge pasientar og pårørande på ein god måte, seier Finvåg.

Han meiner at foreldre som føler seg utrygge på kva som skjer viss borna blir sjuke i helgen, må opp leiinga i føretaket ta affære og gi den nødvendige informasjonen. På den måten kan dei føle seg trygge.

– Meiner du Helse Møre og Romsdal har vore flinke nok til å gjere dette?

– Nei. Når ein ser alle aksjonane som har vore rundt barneavdelinga, hadde det vore lurt av føretaksleiinga å køyre ein breiare informasjonskampanje ut mot publikum. Slik kunne dei fortelje betre korleis dei organiserer tenestene til denne pasientgruppa, seier Finvåg.

– Det er tydeleg at når så mange er uroa, har dei ikkje fått informasjonen godt nok ut til befolkninga. Det er ei oppmoding dei bør ha til ettertanke, held Finvåg fram.

Kunne gjort meir

Roland Mauseth, kommunikasjonsrådgivar i Helse Møre og Romsdal, seier helseføretaket ser at dei kunne gjort meir for å informere om endringa i helgetilbodet.

Roland Mauseth

Roland Mauseth seier at dei no vil vurdere fleire tiltak for å betre situasjonen.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Barneavdelinga i Kristiansund har hatt fleire informasjonstiltak retta mot konkrete brukargrupper og samarbeidspartnarar, seier Mauseth.

Men vi ser at vi som helseføretak kunne gjort meir for å informere befolkninga generelt om tilbodet, held han fram.

Mauseth seier at dei no vil vurdere enno fleire tiltak for å betre situasjonen.