Hopp til innhold

– Bruk barna som vektmanualar!

Er du ei travel småbarnsmor? Skulle du hatt meir tid til å trene? Jørgine Vasstrand Haagensen (24) frå Ålesund veit råd.

Ei 24 år gamal tobarnsmor frå Ålesund har på rekordtid skapt internasjonal suksess med treningsvideoane sine. Og det er ikkje heilt vanlege vekter ho har med når ho skal trene...

Den 24 år gamle tobarnsmora har på rekordtid skapt internasjonal suksess med treningsvideoane sine. I videoane utgjer nemleg barna hennar ein viktig del av det beinharde treningsopplegget.

– Det som er det geniale med dette, er at eg ikkje treng å køyre nokon stad eller finne barnevakt. Eg kan trene når eg vil saman med barna, fortel ho til NRK.

Ho har nemleg slite med den same problemstillinga som så mange andre; korleis ein kan få tid til trening i ein travel kvardag med jobb, studiar og to små barn.

Haagensen føler at kvardagen hennar som småbarnsmor har blitt enklare når ho er i god form.

– Eg likar tanken på at eg kan springe med barna og herje utan å verte heilt sliten.

Målet er likevel ikkje å vere supermor, men å bruke utdanninga til å få også andre til å sjå at det går an å ha små ungar og samstundes få trent nok.

– Det er dette eg har lyst til å jobbe med: å få folk til å bevege seg og faktisk synest at det er gøy å bevege seg, avsluttar den framtidige personlege trenaren.

Haagensen har lagt ut treningstipsa sine på Youtube. Her er eitt av dei:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL