Hopp til innhold

– Born er som svampar

Noregs Mållag meiner auka bruk av nynorsk i barnehagen må til for å løyse bokmålselevar sine vanskar med sidemål i skulen.

Lesestund i Ellingsøy barnehage

Lesestund i Ellingsøy barnehage: F.v.: Pedagog Elisabeth Lorgen, Anders Berge, Mikael Njøs Roth, Tomas Logunov, pedagog Elise Hatledal og Mia Teunissen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– De hørte et voldsomt rabalder ute fra resepsjonen. Haren ropte og skrek: «Du må betale! Du må dusje!» «Ikke uten badetøy!» ropte de tilbake.

5-åringane ved Ellingsøy barnehage sit stille og følgjer spente med når pedagog Elisabeth Lorgen les for dei. På bokmål. Sjølv om Ålesund er ein såkalla språknøytral kommune høyrer dei fleste born her oftare jeg enn eg når det er lesestund i barnehagen.

– Når boka er skriven på bokmål, les eg bokmål, seier Lorgen.

Det er dette Noregs Mållag vil ha ei endring på.

– Nynorskopplæringa må byrje allereie i barnehagen

Håvard Øvregård

Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, vil at born skal lære nynorsk tidlegare.

Foto: Kjartan Helleve

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vurderer å tone ned satsinga på sidemål, for å styrke hovudmålet og satse sterkare på norskfaget. Det betyr at nynorskopplæringa kan forsvinne frå mange norske skular.

Noregs Mållag er svært misfornøgd med forslaget, og meiner sidemålsopplæringa heller bør verte styrka. Og for at det skal verte enklare å takle nynorsk på skulen, meiner dei at opplæringa bør starte allereie i barnehagen.

Om dei møter nynorsk i barnehagen, vert det lettare for dei å lære sidemålet som dei skal ha i skulen.

– Born er som svampar når det gjeld språk. Allereie frå før borna er fødde, byrjar dei å tileigne seg språk og språklydar, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Han og dei andre i mållaget vil gjennom kampanjen «Gjennom ord blir verda stor» vise fram den store nynorske bokskatten som finst. Kampanjen er særleg retta mot barnehagane.

– Dersom borna ikkje får nynorsk opplese i barnehagen, eller høyrer nynorsk i barnehagen, vert det vanskelegare for dei når dei skal lære nynorsk skriftleg. Om dei møter nynorsk i barnehagen, vert det lettare for dei, seier Øvregård.

– I nynorskkommunar har ein barnehageborn som skal ha nynorsk som hovudmål i skulen. Dei vert tryggare i skriftspråket dersom bøker vert lesne på nynorsk i barnehagen. Dette gjeld også for born som bur i bokmålskommunar. Om dei møter nynorsk i barnehagen, vert det lettare for dei å forstå og lære sidemålet som dei skal ha seinare.

– Eg er ikkje så glad i nynorsk

– Å breste, no brast, i går brast, har braste? spør 16 år gamle Elise Tollefsen Eide og 15 år gamle Anna Sofie Rødli Ringdal frå Ålesund.

Elise går på vidaregåande skule, medan Anna Sofie er ungdomsskuleelev. Dei synast slett ikkje det er enkelt å bøye nynorske verb, og får dei ynskjet sitt oppfylt, treng dei ikkje lenger lære nynorsk på skulen.

Elise Tollefsen Eide og Anna Sofie Rødli Ringdal

Det er ikkje berre berre å bøye nynorske verb synast 16 år gamle Elise Tollefsen Eide og 15 år gamle Anna Sofie Rødli Ringdal frå Ålesund.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Eg likar ikkje nynorsk. Det held med bokmål, seier 15-åringen Anna Sofie bestemt.

– Det hadde sikkert vore lettare dersom du hadde lært nynorsk frå du var lita. Då hadde det liksom ikkje vore så vanskeleg når du plutseleg skal byrje å lære nynorsk på ungdomsskulen.

– Eg er ikkje så glad i nynorsk eg heller, legg Elise til.

– Men eg forstår at vi liksom har nytte av det då på ein måte.

Å breste, brast, brast, har braste?

Vil styrke norskfaget

Når læreplanen for norskfaget skal vurderast på nytt, kan karakteren i sidemål bli sløyfa.

– Det kan bli aktuelt å sløyfe karakterane i sidemål for å styrke norsk som fag. Dette er først og fremst framlegg til endringar i læreplanen i norsk, for å styrke norsk som fag, sa Halvorsen til NRK i januar.

Noregs Mållag ser på dette som eit åtak på nynorsken, og har fått støtte frå fleire hald.

Kristin Halvorsen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

Foto: NRK

Mållagsleiar Håvard B. Øvregård er ein av dei som er provosert over forslaget til kunnskapsminister Halvorsen, og peikar på at om førskulelærarane vert flinkare til å fokusere på nynorsk, kan mykje av problemet med skuleelevar sine vanskar med nynorsk vere løyst.

– Førskulelærarane er veldig opptekne av språkopplæring, det skal dei ha, men dei har ikkje lært om nynorsk og bokmål og kva konsekvensar det har i barnehagen, seier mållagsleiar Øvregård.

– Når borna ikkje høyrer nynorsk i barnehagen, vert det ei svakheit for dei i skulen seinare.

Ved Ellingsøy barnehage, er dette noko pedagog Elisabeth Lorgen eigentleg ikkje har tenkt så mykje på.

– Vi bør ta det til etterretning og ha bøker på både nynorsk og bokmål. Eg trur at det vil hjelpe borna å høyre meir nynorsk i barnehagen. Det er no bokmål dei høyrer overalt, våde på fjernsyn og andre stader. Eg er absolutt open for å bruke meir nynorsk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL