NRK Meny

– Bør støtte mistillitsforslag

KrF må stille seg bak mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug. Det meiner tidlegare bystyremedlem i Kristiansund og tidlegare styremedlem i Møre og Romsdal KrF, Magne Berg. Han meiner partiet ikkje har nokon grunn til å støtte Listhaug. –Vi må setje KrF sine verdiar framom det å støtte ei regjering med Listhaug, seier Berg. På måndag skal KrF sitt landsstyre avgjere om partiet skal stemme for eller mot mistillitsforslaget.

Magne Berg i Krf under ordførerdebatten
Foto: NRK