Rektor: Vil heller at lærarane skal ha ei veke kortare ferie

Rektor Ketil Hjelseth ved Skodje barneskule har ikkje behov for at lærarane skal ha lengre dagar. Han ynskjer heller at dei skal ha kortare ferie.

Rektor Ketil Hjelseth ved Skodje har ikkje behov for at lærarane skal ha lengre dagar. Han ynskjer heller at dei har kortare ferie.

Lærarane ved Skodje barneskule jobbar allereie meir enn det KS krev.

Ketil Hjelseth

Rektor Ketil Hjelseth har ikkje behov for at lærarane skal vere endå meir på skulen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Medan lærarar på mange skular rundt om i landet, er ute i streik, går kvardagen som normalt ved Skodje barneskule på Sunnmøre. I dag vart timane brukt til å trene på dei nasjonale prøvene i matematikk.

Jobbar mykje

Ved skulen har lærarane 32 timars bunden arbeidstid på skulen, men mange jobbar sit lengre. KS sitt krav om meir bunden arbeidstid blir forklart med at rektorane treng å ha dei på skulen lenger for å styrke samarbeidet.

– Eg har ikkje det behovet, for lærarane er her så mykje, seier rektor Ketil Hjelseth. I 8-tida om morgonen vert skulen fylt av lærarar, og det er sjeldan at dei går frå jobb før 15.30.

LES OGSÅ:

Mindre tid til planlegging

Anne Marthe Ekrem

Anne Marthe Ekrem fryktar at kommunen vil auke talet på undervisningstimane.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Anne Marthe Ekrem er trebarnsmor og lærar ved skulen. Dei dagane ho ikkje skal levere born i barnehage og skule, er ho som regel på plass mellom 07.15 og 8.30. Ofte kan klokka bli nesten 16.30 før ho vender nasen heim. Ekrem har dermed meir tid på skulen enn det KS krev.

– Mi frykt er at vi må bruke meir tid inne på klasserommet og mindre til planlegging og oppfølging av enkeltelevar. Dermed må vi ta det att på kveldstid og i helger, seier Ekrem.

Ho fryktar at dårleg kommuneøkonomi gjer at skuleeigar vil utnytte ressursane som er der mest mogleg. Lærarane har ikkje ein sentral avtale om kor mykje undervisning lærarane skal ha.

Vil ha kortare sommarferie

Rektor Hjelseth trur fleire fryktar at kommunane skal auke talet på undervisningstimar.

– Då er det klart at arbeidsbelastning aukar betydeleg, seier Hjelseth. Han har lang erfaring som leiar.

I staden for å utvide den daglege arbeidstida ser han gjerne at lærarane hadde kortare sommarferie.

– Eg kunne ha tenkt meg at lærarane fekk utvida arbeidsåret med ei veke, der dei er utan elevar, seier Hjelseth. På den måten får lærarane to veker med planlegging før skuleåret tek til, slik at dei når alt dei skal før elevane kjem.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.