– Bodskapen er å stå for den du er

Regissør Torgrim Grimstad frå Hareid skal prøve å toppe fjorårets BlimE-suksess. I år har han fått med Madcon på laget for å vise barn og unge at det er greitt å vere seg sjølv.

Torgrim Grimstad

Arkivfoto: Koreograf Karoline Berge Hammersmark og regissør Torgrim Grimstad frå BlimE!2015.

Foto: NRK

BlimE er NRK Super sin kampanje mot mobbing og for inkludering. Det var for seks år sidan at NRK Super ville sette fokus på mobbing og bestemte seg å lage ein vennskapskampanje. Om lag ein gong i året kjem ei ny låt og video ut. I fjor blei over 325.000 elevar frå heile landet med på å danse BlimE-dansen. Bak videoane står regissør Torgrim Grimstad frå Hareid.

– Vi hadde aldri trudd at vi skulle greie å toppe fjoråret. Eg tenkte det var toppen, men så fekk eg med meg Madcon på laget og det er jo heilt fantastisk, seier han.

Grimstad står også bak videoen til Grunnlovs-rapen i samband med markeringa av Grunnlovsjubileet i 2014.

– Stå for den du er

I år har BlimE valt ei litt anna vinkling både på songen og musikkvideoen. Til no har BlimE handla om å inkludere kvarandre og har hatt eit bodskap om å ta vare på dei som står utanfor, fortel Grimstad.

Torgrim Grimstad

Regissør Torgrim Grimstad under innspelinga av musikkvideoen.

Foto: Hanna Revheim / NRK

– I år har vi snudd på det og snakkar direkte til den som står utanfor. Bodskapen er å stå for den du er og ikkje vere så opptatt av kva alle andre syns om deg.

– Køyr på med di eiga greie. Kanskje er det nettopp det at du har eigne interesser som er styrka som kjem til å berge deg seinare i livet, seier han.

Grimstad vektlegg likevel at inkludering er ein stor del av BlimE-konseptet også i år.

– Det er sjølvsagt viktig å ta vare på kvarandre og inkludere alle. Det vi ønskjer å poengtere i år er å tore å vere seg sjølv, og at ein ikkje treng å vere skjemd av å like litt andre ting enn det alle andre gjer, seier han.

Regissøren frå Hareid er svært glad for at Madcon ville vere med på årets låt.

– Det var veldig kjekt at dei sa ja med ein gong. Dei var positive, fantastiske å jobbe med og hadde mange idear, seier han.

Til hausten vil BlimE igjen besøke skular over heile landet.

Sjå musikkvideoen her:

BlimE musikkvideo 2016 - "Kom igjen 'a"

Lær dansen her:

BlimE

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.