NRK Meny
Normal

– Blir det for mange må vi klippe dei

Ålesund kommune vurderer fortløpande om dei skal fjerne hengelåsane som folk festar på rekkverket ved Hellebroa i Ålesund.

Låsar hengebrua

Oddvar Kongsvik i Ålesund kommune seier dei vil klippe kjærleikslåsane på Hellebroa dersom det vert for mange av dei.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Ålesund kommune vil ikkje at Hellebroa over Brosundet midt i bysentrum blir full av hengelåsar.

Hengelåser på Hellebroa

Mange par har festa kjærleikslåsane sin på Hellebroa i Ålesund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Blir det for mange må vi klippe dei, seier Oddvar Kongsvik, Verksemdleiar for veg, anlegg og park i Ålesund, medan han inspiserer låsane.

Det er nemleg ikkje uproblematisk å feste hengelåsane på bruer. I Frankrike sette dei nyleg i gong arbeidet med å klippe opp hundretusenvis av hengelåsar frå bruer i Paris.

Vekta av låsane skapar blant anna ein tryggleiksrisiko dersom det vert for mange.

Symbolhandling for kjærleik

Dei som festar låsar til brua reknar det som ei symbolhandling for kjærleik. Tradisjonen går ut på at eit par tek med seg ein hengelås, for å så feste låsen til brua.

Oddvar Kongsvik

Oddvar Kongsvik inspiserer kjærleikslåsane på Hellebroa.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Mange skriv også på ei helsing. Til slutt kastar paret nøkkelen ut i elva, medan ein håpar på evig kjærleik.

Fenomenet som truleg hadde sitt opphav i Kina har lenge vore populært i Asia og fleire stadar i Europa. For nokre år sida byrja også kjærleikslåsane å dukke opp i her i Møre og Romsdal.

Har ein viss sjarm

På Hellebroa over Brosundet i Ålesund er det no om lag 50 låsar festa til brua.

Kongsvik er usikker på kor mange fleire låsar det er det er plass til før det blir for mange. men seier at grensa er nådd dersom estetikken til brua vert øydelagt.

Hengelås på Hellebroa

Om lag femti kjærleikslåsar heng er fest til Hellebroa.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Vi følgjer nøye med på utviklinga. Det er ikkje fint når låsane står og rustar. Dersom det eskalerer blir vi nøydd til å gjere noko med det, og det er for så vidt fort gjort å fjerne låsane dersom det blir nødvendig, seier han.

Likevel innrømmer han at fenomenet har sin sjarm.

– Det er jo litt sjarmerande å tenke på at nokon vil stå her på Hellebroa og gi eit slik løfte, seier Kongsvik.