Dei som sa ja til å selje måtte binde seg til å røyste for ei overtaking av Fellesbanken på generalforsamlinga seinare i januar. Kredittilsynet slår fast at ei slik binding er i strid med lova.

Finn Haugan
Rettar seg etter pålegg
Administrerande direktør i Sparebank 1 Midt Norge, Finn Haugan, trudde alt var i orden då dei utforma avtalen. Han seier at avtalen er utarbeidd av eit kjent Oslo-firma og i tillegg kvalitetssikra av eit anna selskap og ein juss-doktor. Banken har no likevel retta seg etter pålegget frå Kredittilsynet.
SpareBank 1 Midt-Norge er også pålagt å ta runden med alle aksjonærane som har gitt førehandsaksept og presisere at dei står fritt til å stemme det dei vil på generalforsamlinga 17. januar.
Ventar støtte
Finn Haugan seier dei reknar med at dei som har gitt førehandsaksept på tilbodet frå SpareBank 1 Midt-Norge også ønskjer at dei skal kunne gjennomføre kjøpet og stemmer deretter, sjølv om dei står fritt.

Helge Aarseth
– Spanande
Styreleiar i Romsdals Fellesbank, Helge Aarseth, seier det er viktig at aksjonærdemokratiet får lov til å fungere. Han trur avstemminga no blir meir spanande.
– Det er ein nokså annleis situasjon når kvar aksjonær skal få lov å stemme for sin aksje enn om dette var samla til ei blokk som SpareBank 1 Midt-Norge kunne stemme samla over, seier Aarseth.