Hopp til innhold

– Bilen humpa og harka

Då Lone Tynes Anderson hadde fylt bensin ville bilen plutseleg ikkje gå lenger. Sjølv om ho hadde brukt rett pumpe var det ikkje bensin ho hadde fått på tanken.

Lone Tynes Anderson

KOMISK: Då Lone Tynes Anderson fann ut kva som var gale med bilen hennar synst ho det var mest komisk.

Foto: May Britt Tynes

– Eg skjønte det var noko gale, for bilen humpa og harka, og turteljaren fòr opp og ned, seier Lone Tynes Anderson som bur i Molde.

Ho hadde mora si med i bilen tysdag kveld, og dei hadde lagt ut på tur for å levere ei hjelpesending med klede, sko, ranslar, og baggar som skulle av garde til Filippinane.

– Det var seint, og eg måtte fylle for å kunne komme over Skaret. Det var nesten tom tank, så eg var glad for at det var ein bensinstasjon i Malmefjorden. Eg fylte full tank, og då eg køyrde byrja bilen å hoste.

Stod bensin på kvitteringa

Dei to svinga bilen inn på ei busslomme, og då byrja leitinga etter kva som kunne vera gale.

– Mamma tenkte med ein gong at eg hadde fylt feil, men eg fann fram kvitteringa og der stod det at eg hadde fylt bensin. Eg prøvde å starte igjen, men bilen slokna. Den ville ikkje gå på tomgang ein gong, seier Lone.

– Eg tenkte det var noko rart, kanskje ein feil med giret. Eg fekk ingenting til å stemme, legg ho til.

Første som tipsa

Bunker Oil i Malmefjorden

MALMEFJORDEN: Det var bensinstasjonen i Malmefjorden som laga trøbbel for 10–12 bilistar denne veka.

Foto: Bunker Oil

Dei to fekk ringt bilberginga og hjelpa var på plass etter litt over ein time, rundt halvt eitt om natta. Bilen vart køyrd på verkstad, og dei to vart køyrt heim.

– Neste dag sa dei på verkstaden at det tyda på at eg hadde fylt diesel på tanken. Dei sa det lukta diesel, seier Lone som varsla Bunker Oil med ein gong.

– Eg tenkte at dette kom til å bli ein kjempekostnad for Bunker Oil, så eg sa dei måtte sende nokon for å sjekke det. Eg var den første som tipsa, og eg fekk stoppa det før det for mange som fylte feil, seier ho.

– Veldig sjeldan

Anders Alm

BEKLAGAR: Anders Alm i Bunker Oil beklagar at det vart fylt diesel på bensintanken på stasjonen i Malmefjorden. Bunker Oil dekkjer kostnadene til kundar som har fått feil drivstoff på tanken.

Foto: Bunker Oil

Telefonen frå Lone Tynes Anderson var den første av mange kundar som ringde Anders Alm i Bunker Oil onsdag morgon. 10–12 kundar bilar tok skade av feilen før stasjonen vart stengt.

– Ein teknisk svikt gjorde at det vart tanka diesel på bensintanken, og slik eg forstår det, skjer feiltanking veldig, veldig sjeldan. Det går mange år mellom kvar gong dette skjer, seier han.

Kan dette skuldast menneskeleg svikt?

– Eg trur ikkje det. Tankbilsjåførane er så rutinerte, så alt tilseier at dette dreiar seg om ein teknisk feil, seier Alm og seier dei har vil legge ut for kostnadene dei råka skulle få grunna feiltankinga.

Og når det gjeld Lone, så tar ho opplevinga fint.

– Eg syntest det heile var komisk, og Bunker Oil har handtert saka veldig bra. Det var berre bra det ikkje var bensin som vart fylt på dieselbilar, for då hadde motorane blitt øydelagde, seier ho.