Hopp til innhold

– Barna skal ha ein trygg kvardag

Fylkesmann Lodve Solholm vil at alle kommunar i fylket skal ha døgnkontinuerleg barnevernsvakt innan utgangen av året. Ei undersøking frå 2017 viste at berre åtte kommunar i fylket hadde ei slik ordning. No stiller fylkesmannen opp med pengar for å få ei betring. – Kommunane kan gjerne samarbeide om slike ordningar, det viktige er at barna får trygge kvardagar og netter, seier Solholm.

Illustrasjon barnevern
Foto: Anette Skafjeld / NRK