Hammerø trur dette styrkar sjansen for å få fortgang i arbeidet med å bygge det nye sjukehuset i Molde.
Kjempar for sjukehuset
Kampsak nummer ein for Jan Petter Hammerø er å få det nye sjukehuset som er planlagt i Molde til rundt 1,8 milliardar kroner i boks. Det er eit pengespørsmål, men det er også eit spørsmål om kvar i køen dette prosjektet skal stå.
Det siste halve året er det sådd tvil om det blir lagt nok pengar på bordet, slik at framdrifta held. Kampen om pengane er beinhard, og Molde-politikaren Torgeir Dahl får ei viktig oppgåve, meiner Hammerø.
Lovar å vere vaktbikkje
Oskar Grimstad (Foto: Gunnar Sandvik)
Møre og Romsdal har fått fire medlemmer i det nye styret i Helse Midt-Noreg. Den andre politikaren frå Møre og Romsdal i dette styret er Oskar Grimstad (Frp) frå Hareid.
Han meiner Møre og Romsdal har fått god utteljing, sjølv om han ikkje vil legge for stor vekt på kva postadresse dei ulike styremedlemmene har. Grimstad lovar å vere ei vaktbikkje for sjukehusa i Møre og Romsdal.