Hopp til innhold

– Arbeidsmarknaden er i betring

Arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal er i betring. Det seier fungerande direktør i Nav Møre og Romsdal Hege-Beate Skjølberg. Talet på arbeidsledige her i fylket er lågare enn landet elles, fortel ho. – Vi ser ein positiv tendens og mange av dei som var ledige på grunn av koronasituasjonen er no tilbake i jobb. Vi har sett ein rask reduksjon i løpet av to månader. Talet på heilt arbeidsledige har auka den siste månaden, men det er vanleg på sommaren. Då er det både nyutdanna som søker jobb og andre som bytter yrke, seier Skjølberg.

NAV
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK