– Andre bør ikkje blande seg inn

Andre fylkeslag i Arbeidarpartiet bør ikkje blande seg inn i spørsmålet om Trond Giske kan vere nestleiar i Trøndelag Ap. Det meiner fylkesleiaren i Møre og Romsdal Ap, Per Vidar Kjølmoen. Giske, som blei fjerna som nestleiar sentralt i partiet på grunn av fleire metoo-saker, ønskjer å bli nestleiar i Trøndelag Arbeidarparti, som no skal ta stilling til om han skal få vervet. Det har ført til reaksjonar i andre fylkeslag, men Kjølmoen meiner dette er noe Trøndelag Ap må bestemme utan at andre blandar seg inn.

Per Vidar Kjølmoen
Foto: Trond Vestre / NRK