Hopp til innhold

Skiproff om Alperittet: – Ei brutal oppleving

Det var stor stemning i ei svært utfordrande løype under Alperittet på Stranda laurdag. Raskast i den mest prestisjetunge løypa var landslagsløpar Andreas Solstad Alme. Men det var flust av sterke prestasjonar i alle klassene.

Alperittet
Foto: Svein Lunde

Beate Brude representerer Øverdalen IL og deltok i Alperittet for aller første gang. Ho ser slett ikkje bort frå at ho kjem til å bli med fleire gongar, sjølv om det var verkeleg tøffe løyper denne gongen.

– Eg starta heilt sist. Så det vart mykje hopp og sprett og sprett og tjo og hei, seier Beate Brude. Ho blei nummer tre i klassen for kvinner mellom 30 og 39 år med tida 11:43.

Beate Brude

Beate Brude blei nummer tre i klassa for kvinner 30–39 år.

Foto: Frode Berg / NRK

Ho fortel om utfordrande forhold. Då ho køyrde var det nesten umogleg å sjå noko som helst oppe i høgda.

– Og plutseleg kom det eit hopp, og då måtte du berre ta det som det kom, smiler ho.

Men trass i utfordrande forhold er arrangørane godt nøgde med årets alperitt. Det er ikkje kvart år det har vore nok snø til å kunne lage løype heilt ned i bygda. I år var ikkje snømangel noko problem.

– Ein suksess

Men deltakarane i eitt renn som Alperittet toler godt heftig og litt rufsete vintervêr.

– Alperittet 2016 blei ein stor suksess. Alt har gått fint. Vi er veldig glade og vi er stolte over å ha gjennomført eit flott renn, seier Alperitt-general Sigurd Drege.

Tre involverte forteller om Alperittet 2016

Sigrd Drege, leiar for Alperittet.

Nokre vil kanskje sei at det blei eit vått og grisete vêr?

Ja, kanskje det. Men vi held på med utandørs idrett, og vi syns forholda har vore bra. Løypa har vore perfekt. Nokre fekk kanskje noko motvind og litt snødrev i ansiktet. Men sånn er det høgt oppe på fjellet om vinteren.

– Brutalt og steinhardt

Den profesjonelle skikøyraren Karsten Gefle vann klassa for menn mellom 30 og 39 år 15 sekund føre Pål Anders Hovdenakk frå Eitrefjell telemarksklubb. Gefle var i området for å vise fram filmen «Don't crack under pressure». Dette er ein film om ekstrem skisport, og mange av opptaka er gjorde i fjella på Sunnmøre.

Skiproffen Karsten Gefle forteller om hvordan han opplevde å kjøre Alperittet på Stranda

Karsten Gefle tykte Alperittet var ei tøff oppleving.

Under visninga av filmen blei han utfordra av Alperitt-generalen om å bli med i rennet.

– Det var deilig å få gjennomført rittet, men det var brutalt og steinhardt frå start til mål, seier Gefle.

– Men for ein proffkøyrar var vel dette «piece of cake»?

– Nei, det var ikkje det i dag, altså. Eg visste det kom til å bli hardt, men dette var brutalt, seier den erfarne skiløparen.

Han seier det var snøstorm på toppen og 280 som hadde køyrt ned løypa før han i laussnø.

Det var så mykje slag, så det gjekk litt på helsa laus