– Ålesund må få sin andel

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), forventar at Ålesund får sin andel av arbeidsplassane når Helse Midt-Noreg startar Helseplattformen. Helseplattformen inneber ein felles pasientjournal ved sjukehusa og kommunane i heile Midt-Noreg. Aurdal fryktar at lokaliseringa av arbeidsplassar blir gjort utan diskuksjon, og at alt hamnar i Trondheim. Ho peikar på at Ålesund satsar stort på digitalisering og er i ferd med å utvikle seg til ein god teknologikommune. Styret i Helse Midt-Noreg skal behandle saka fredag

Eva Vinje Aurdal
Foto: Trond Vestre / NRK