Hopp til innhold

– AaFK har endra seg

Ivar Morten Normark meiner Aalesund har blitt for opptatt av pengar og poeng.

Eliteserien fotball: Vålerenga-Aalesund 5-1.

Aalesund tapte 5–1 for Vålerenga, og har elleve strake kampar utan siger i Eliteserien.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det største problemet til AaFK no er at dei ikkje står fram som elleve spelarar som jobbar for kvarandre. Det merkast både offensivt og defensivt. Laget er ute av balanse. Dermed får motstandaren store rom å angripe i.

Aalesund-trening

Ivar Morten Normark var trener for Aalesund da leget tok steget opp i Eliteserien.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Dette seier Ivar Morten Normark til NRK. Den tidlegare AaFK-trenaren bur no på Ellingsøya i Ålesund og følger laget frå tribunen og TV-stolen.

Mykje har endra seg

Søndag tapte Aalesund 5–1 for Vålerenga. Aldri før har klubben spelt elleve kampar utan å vinne i eliteserien. Om den lange rekka utan sigrar held fram, kan det ende med nedrykk.

– AaFK sitt vesen er vesentleg endra sidan den tida vi heldt på for femten år sidan, seier den tidlegare AaFK-trenaren til NRK.

Normark presiserer at han ikkje er ute etter å sparke nokon. Han meiner Trond Fredriksen er eit fantastisk trenartalent, og at han har gode folk rundt seg.

– Vi sette pris på enkeltindividet. Vi ønskte at AaFK skulle vere for alle. No trur eg haldninga har endra seg. Dei har blitt meir distanserte. Dei er veldig opptatt av pengar og poeng. Og då gløymer ein korleis ein skal nå måla sine.

Normark var trenar for Aalesund frå 2001 til 2005. Det vart to opprykk og to nedrykk frå eliteserien.

Vil ikkje sparke trenaren

Ivar Morten Normark er ikkje ute etter å ta trenaren:

No er det berre éin ting som tel: Det er å slå Kristiansund til helga, seier Normark.