– AaFK er inne i ei god utvikling

AaFK-trenar Jan Jönsson fann mykje å gle seg over sjølv om det berre vart 1-1 i treningskampen mot Vålerenga fredag.

Jan Jönsson om treningskampen mot Vålerenga

Jan Jönsson er optimistisk etter fredagens treningskamp mot Vålerenga

– Prestasjonane til laget var bra i dag. Det er mykje eg er fornøgd med der ute, og aller best var første omgang, sa AaFK-trenar Jan Jönsson til NRK etter treningskampen mot Vålerenga fredag.

– AaFK må verte meir effektive

Jönsson er mest fornøgd med alle målsjansane AaFK skapte.

– Vi skaper 14-15 bra målsjansar i dag. I tillegg er vi relativt stabile bake. Men vi rotar det til ved nokre tilfelle, for eksempel då det vart mål. Det var ein ok kamp i dag, så eg føler vi følgjer opp dei tre gode kampane på La Manga på ein god måte i dag. Vi er inne i ei god utvikling.

AaFK scorar mot Vålerenga

Sjå AaFK si scoring mot Vålerenga

– Kvar føler du det er mest å hente?

– Vi må verte meir effektive. Når vi skaper så mange målsjansar, skal vi ha meir enn eitt mål. Forsvaret må verte tettare. Det ser lovande ut framover, men så er det å jobbe med effektiviteten, då.

– Kva følte du om styrkeforholdet mellom AaFK og Vålerenga?

- Det var vel pluss for vår del, både spelemessig og ikkje minst sjansemessig, eigentleg.

– Vi gjer mykje rart

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal var ikkje fullt så fornøgd med sitt lag fredag.

– Det var ein svak første omgang, med mykje feil og rot og vi gir bort eitt mål. Vi skaper tre store sjansar sjølv i første omgang, ein i tverrliggaren og to utanfor. Med andre ord kunne vi ha scora.

Han meiner Vålerenga brukte opp mykje tid berre på å kome i gang.

– Vi gjer mykje rart. Det er uvant å sjå laget på dette nivået, det har eg ikkje sett før i vinter. Mange sleit med å kome i gang. Vi brukte ein omgang på å få kampen slik som vi ønskte han, ein omgang der vi ga bort eit mål, seier Rekdal

– Vi er bra på vårt beste, men det svingar for mykje. På vårt lavaste nivå gjer vi mykje rart. Men på vårt beste, tek vi over. Det er vi som har best kontroll på andre omgang, og utliknar fortent. Det såg ut som det var vi som hadde mest å gi på slutten.

Siste video/lyd

Distrikta kjem til å tape på den nye politireformen. 
Det meiner pensjonert lensmannsbetjent Johan Arnt Overøye. 
Med over 20 års erfaring frå ulike jobbar i politiet kjenner han etaten godt...
Ein drøy månad før seriestart, reiste i dag Kristiansund stadion si første lysmast godkjend for eliteserien. 
Tida er knapp, men klubben lovar å ha heimearenanen klar til seriestart mot Molde 1.april
I dag starta bygginga av den første Hurtigruta på Kleven verft. No venter eit stort arbeid. Konsernsjef i Hurtigruten føler seg trygg på at dei kjem til å få byggje fire ekspedisjonsskip ved Kleven.