NRK Meny
Normal

– Å la 16-åringar stemme gir betre skuledebatt

20 kommunar vil ved kommunevalet ha stemmerett for 16- og 17-åringar. Kristiansund er ein av desse kommunane, og det vil gjere skuledebattane i kommunane meir spanande, meiner ungdomspolitikar.

Stemmeseddel

BETRE SKULEDEBATT: Fylkesleiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, Victoria Smenes, og fylkesleiar i AUF, Eldbjørg Osen meiner det er bra at 16-åringar får stemme ved kommunevalet i Kristiansund. Smenes meiner det vil føre til betre skuledebattar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vallogo
Victoria Smenes

BRA: Fylkesleiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, Victoria Smenes, meiner det er bra at 16- og 17-åringar får stemmerett i Kristiansund ved kommunevalet.

Foto: Privat

– Det er ikkje berre å høyre på ein debatt, men 16- og 17-åringane skal faktisk få lov til å stemme, seier fylkesleiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, Victoria Smenes, som og står på KrF si kommunevalliste i Kristiansund.

– Heile salen vil vera meir interessert i år enn tidlegare, og då blir det meir plass for ekte politikk på korleis ting konkret skal gjerast i Kristiansund, seier Smenes.

– Bra prøveprosjekt

For fire år sidan fekk 16- og 17-åringane i nokre kommunar stemme ved kommunevalet, og i år vil Kommunaldepartementet vidareføre forsøket i 20 kommunar.

Ålesund kommune var med på forsøket ved førre val, men har sagt nei til å vere med i år. Derimot er Kristiansund blant kommunane som skal prøve ut stemmerett for 16- og 17-åringar.

AUF-leder Eldbjørg Osen

POSITIVT: Fylkesleiar i AUF, Eldbjørg Osen trur det er positivt for kommunevalet at 16- og 17-åringar får stemme.

Foto: privat

– Det er eit veldig bra prøveprosjekt, seier fylkesleiar i AUF, Eldbjørg Osen.

– For Kristiansund, og for Møre og Romsdal for den del, så flyttar ofte 19-åringane vekk for å studere. Då er det bra at dei som er igjen i byen og i fylket får kjenne på konsekvensen til valet ved å få mogelegheit til å stemme, seier ho.

Auka ikkje engasjementet

Forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking analyserte valet for fire år sidan. Han seier det er både og om det skaper økt deltaking og engasjement.

Johannes Bergh

HØG DELTAKING: Forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking analyserte valet for fire år sidan, og fann at valdeltakinga blant 16- og 17-åringar var klart høgare enn blant andre unge veljarar.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

– Valdeltaking blant 16- og 17-åringar var klart høgare enn blant andre unge veljarar. Deltakinga var høg, og forsøket var vellykka, seier Bergh.

– Samtidig hadde ikkje forsøket den effekten ein venta. Interessa og engasjementet for politikk gjekk ikkje opp blant dei unge, som ein kanskje kunne ha venta, seier han.

Han er ikkje sikker på kva som er årsaka til at interessa og engasjementet for politikk ikkje auka då 16-åringane fekk stemme, men han har eit forslag.

– Det er klart at det å gi stemmerett til 16-åringar er kanskje ikkje nok for at den politiske interessa og det politiske engasjementet skal gå opp, seier Bergh.

– Det må vera meir enn det. Innhaldet i politikken er kanskje vel så viktig som at ein har stemmerett eller ikkje, legg han til.